50 år!

SKRUK er 50 år i år, og ganske nøyaktig på dagen 50 år etter at koret vart skipa, skal vi ha konsert i bygda der historia starta, nemlig i Volda. Fredag 21. april held vi konsert i Volda kyrkje. Vi kjem til å servere det vi kallar eit koldtbord, med musikk frå mange av dei spanande prosjekta vi har fått vore med på, med musikarar og komponistar frå alle verdens hjørne. I løpet av helga skal vi også spele inn ny plate saman med den sørsamiske komponisten og musikaren Frode Fjellheim. Han er, mellom mykje anna, kjend for å ha skrive noko av musikken til Disneyfilmane “Frost”. Du er velkomen til ein variert fredagskonsert i Volda! 

Bilettar finn du her

Se mindre