Historisk oversikt

Utdrag frå aktiviteten gjennom historia

Dette er utdrag frå årsmeldingane, skreve av den som til ei kvar tid har vore leiarar.
Namnet på den aktuelle leiaren står på slutten av kvart år

Ein oversikt frå 1973 – 1998 er under arbeid

1999

Arne Håberg, leiar frå jan 1999 – juli 2000

Det var inga februarsamling i 1999, og det var heller inga samling etter påske som vi har brukt.

12.-16. mai – Turné med Ytre Suløen Jass-ensemble i Hordaland og Ryfylke
Både Ytre Suløens Jassensemble og vi hadde lagt 25 år bak seg, noko som gav ideen til å sameinast på nytt. Turen gjekk til Hordaland og Ryfylke. Turneruta starta på Frekhaug gjekk via Stord, Sauda, Hjelmeland, Sand og Fana for å ende i Årstad kirke i Bergen.
Mykje av Suløen-stoffet vart fornya, men kjemien var den gode gamle som dei ”eldste” i koret hugsar frå 80-talet. Ei kjekk oppleving, musikalsk sett ein gløtt i eit biletalbum. Konstellasjonen SKRUK/Suløen er kanskje det som flest publikummarar framleis assosierer oss med, og framleis er det mange som ønskjer Suløen med når vi blir inviterte!
Turneen var i stor grad basert på privat overnatting, i Sauda budde vi i campinghytter. Den løysinga var tilfredsstillande i avgrensa omfang

25. juli til 4. august – Sommarsamling med fem musikarar frå Aserbajdsjan
Det vart tradisjonell familiesamling denne sommaren, noko som er ein del av kulturen i SKRUK. Denne delen av samlinga var lagt til Mjuklia Ungdomssenter på Berkåk i Sør-Trøndelag. Samlinga var råka av stort mannefall, koret talde i underkant av 40 på det lågaste. Mange ulike permisjonsgrunnar gjorde talet stort.
Vi turnerte med aserbajdsjanske kjenningar frå ”Landet vi kommer fra”. Fem musikarar i alt, og det står ikkje til å nekte for at det til tider var slitsamt med språk- og kulturbarrierer på ein så lang turne. Men musikalsk var det ein treffar, og trass i at turneruta neppe er å rekne mellom dei gylne for SKRUK, kom det bra med folk. Største arrangementet var Indremisjonen/Santalmisjonen si generalforsamling i Nidarøhallen. Konsertane hadde tre avdelingar: SKRUK åleine, instrumental avdeling og felles avdeling. Passeleg variert for dei fleste, ikkje for sært for dei mest skeptiske.
Arnt Ole Grimstad var hovudarkitekt bak turneen, og i Trøndelag sat det ein gjeng koristar med Vegard Knardal som samlingsperson som arbeidde med kvar sine dagar på turneen. Ei arbeidsform som var ny og som krevde relativt mykje administrative ressursar i fleire nivå for å flyte. Resultatet vart godt.
Turneruta gjekk slik: Meldal, Sunndalsøra, Oppdal, Singsås, Orkdal, Steinkjer, Namsos, Levanger, Inderøy, Skatval, Trondheim og Malvik. Siste søndagen tok vi også del i direktesendt radiogudsteneste i Nidarosdomen.

24.-26. september – Øvings- og konserthelg
Samling på Kjeldsund. Kombinert øvings- og konserthelg. Vi hadde to konsertar: Gjerdsvika og Nordfjordeid, begge acapella. Det var lenge sidan vi hadde gjort slike konsertar, så det var prega av i viss spenning. Særleg Nordfjordkonserten vart lenge hugsa, musikalsk svært vellukka og masse folk på grunn av eit kyrkjejubileum.  Øvingsdelen vart brukt til å prøve ut nye arrangement til ei plate vi seinare skulle spele inn saman med Susana Peña. 

6.-8. oktober – Avlyst turné til Sverige
Dette var truleg første gongen at ei SKRUK-samling vart avlyst. Planen var å reise til Sverige via Austlandet. Konsertstader: Säffle, Arvika, Karlstad og Kongsvinger. Relativt tett innpå turneen fekk dei svenske kontaktane våre kalde føter og trekte seg trass i eintydige positive signal heile vegen tidlegare. Dei makta ikkje å huse oss, og dei var skeptiske i høve til konkurrerande konsertar i same tida. Styret vedtok å avlyse samlinga i staden for å lage ein hastverksturne ein tilfeldig vald plass.

2000

11.-13. februar – Innspeling av plata Vuelo Libre i Volda
Innøving og innspeling av plata ”Vuelo libre” med solisten Susana Peña. Dei som kunne møtte allereie torsdag kveld på Helgatun for å sette seg inn i stoffet. Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom SKRUK og Kirkelig Kulturverksted. Plata er på spansk, og inneheld ”bedehussongar” frå Latin Amerika, der tekstane skriv seg mange tusen år tilbake. Dette er den tredje produksjonen med Latin – amerikansk musikk som SKRUK har medverka på.  Sidan opptaket med Susana Peña og orkesteret allereie var gjort i mai -99, song SKRUK til ”singback”. Tidsskjemaet heldt, og resultatet vart svært godt. 

9.-12. juni – Pinsesamling i Molde
Vi hadde eit år i førevegen vorte hyra inn til den tverrkyrkjelege 2000 -års feiringa på Molde stadion, ei samling som trakk folk frå heile bispedømme. Vi møttest fredag kveld på Knausen Hotell til øving og god mat. Laurdag hadde vi lydsjekk på Molde stadion før turen gjekk til Åndalsnes kyrkje, der vi hadde a cappella konsert i 35 varmegrader. Søndagen gjekk i eitt, med to konsertar i domkyrkja på ettermiddagen, i tillegg til gudstenesta på Molde stadion på føremiddag. Frammøte på konsertane var svært godt, noko som gjorde at samlinga gjekk ut med stor økonomisk vinst. Det vart også ein opptur å synge a cappella igjen. Både songarane og publikum sette stor pris på at vi hadde leita fram fleire av dei gamle og kjære SKRUK-songane. Repertoaret inneheldt både nytt og gamalt, norsk og utanlandsk. Samlinga vart avslutta med ein konsert på ”Ynglingen” i Kristiansund måndag ettermiddag. Det gjorde godt med ei samling der vi låg på hotell, song på TV-overføring og hadde godt besøkte konsertar.

Arnt Ole Grimstad, leiar august 2000 – juni 2005

28. juli – 6. august – Sommarsamling og turné i Nord-Noreg
Etter mange somrar med turnéring i Sør-Norge, besøkte vi denne sommaren Nord-Norge. Turnéen starta i Trøndelag på Bakketun Folkehøgskule der vi fekk friska opp igjen Aserbajdsjan-stoffet frå sist sommar. Det vart også eit gledeleg gjensyn med Ilgar, Siyavush og Shafiga, som var med oss på heile turnéen. Etter å ha hatt konsert i Stiklestad kirke, og delteke på Olavsdagane med konsert i ”Vår Frues kirke” i Trondheim, sette vi oss på flyet til Bodø.
Arne, Arnt Ole og ikkje minst ”vår mann i Nord-Noreg”: Johnny Bakken, var ansvarlege for turnéen. Resultatet var ein god og variert turné.
Det var gledeleg få permisjonar denne sommaren, og dermed fekk mange oppleve Nord-Norge frå si beste side. Overnattingane var rett nok av ymse slag. Nokre stader måtte vi ta i bruk både golvmatter og handdukar for å unngå gnagsår på hofter og halebein. Koret tok det humoristisk og viste nok ein gong arbeidsmoral utover det vanlege.
Konsertane var jamt over godt besøkte, og fekk strålande kritikkar i avisene. I tillegg til konsertane, hadde vi fleire sosiale samankomstar med lokalbefolkninga, der mat og musikk stod sentralt. Mannskoret i SKRUK hadde i dette høvet leita fram nokre gode gamle mannskorsongar som dei presenterte.
Turnéruta gjekk som følgjer:
Stiklestad, Trondheim, Røsvik, Kjerringøy, Bodø, Tromsdalen, Hillesøy, Målselv, Gryllefjord, Andenes (Bleik), Myre, Harstad.


6.-8. oktober – Haustturné på Nordvestlandet med Altiplano
Frå Aserbajdsjan gjekk vi denne hausten over til Latin Amerika. Altiplano var med på begge samlingane, og konsertrepertoaret vart henta frå begge dei tidlegare prosjekta med SKRUK. Den 6. oktober møttest vi i Vereide kyrkje 45. min. før konserten! Dette skulle vere ein a cappella konsert, men grunna ei i mistyding var folk informert om at Altiplano skulle spele. Dermed køyrde vi full pakke. Konsertane var delt i tre: først SKRUK åleine, så ei avdeling Altiplano, og til slutt ei felles avdeling. Laurdag stod Florø og Førde for tur, før vi avslutta helga med konsert i Langevåg og Ellingsøy kyrkje. Publikumstalet var varierande. Vi hadde privat overnatting begge nettene.

13.-15. oktober – Seminar og konsertar i Bergensområdet med Altiplano
Denne helga gjekk vi inn i eit ferdig opplagt kortkurs i lag med Bergen Nord Kammerkor og Altiplano. Vi heldt til på Åsane Folkehøgskule, der fredag ettermiddag og laurdag føremiddag gjekk med til øving. Laurdag hadde vi to konsertar i Bergen, og søndagen konsertar i Voss og Norheimsund. Konserten var delt opp i fire delar: Bergen Nord, SKRUK, Altiplano, og til slutt ei fellesavdeling med alle saman.

8.-10. desember – Førjulsturné på Austlandet
Grunna ein bestillingskonsert frå Via Flyspesialisten, hadde vi helga 08.-10.desember julekonsertar i Oslo-området. Det er mange om juleskinka i hovudstaden under ”førjulsrushet”, men sidan vi fekk dekt det meste av våre utgifter gjennom bestillingskonserten, tok vi sjansen. Vi budde på Norrøna Hotell, der vi fekk meir enn egg til frukost. Fredagen gjekk med til øving og middag på byen. Laurdag køyrde vi to konsertar i Grønland kirke; ein lukka for Via Flyspesialisten med samarbeidspartnerar, og ein som var open for alle. Søndag besøkte vi Årnes og Lillestrøm. Repertoaret var henta frå begge juleplatene, og konserten var som tidlegare julekonsertar lagt opp med lesing av juleevangeliet mellom songane. Her hadde vi fått born og vaksne frå kyrkjelydane til å lese.

2001

9.-11. februar – Øvingssamling og TV-opptak Oddgeir Bruaset sitt program om julesongane
Første samlinga dette året vart halden på Kjelsund, der vi starta på innøving av nytt stoff. Helga starta med konsert i Herøy Frikyrkje på fredagen. Laurdag var det intensiv øving fram til middag. Etter middag reiste vi til Ålesund kirke og song “playback” til Bruaset sitt program om julesongane som vart vist i romjula same året. Heile ettermiddagen og kvelden gjekk med, men så vart også resultatet og tilbakemeldingane gode.
Søndag øvde vi fram til middag, og avslutta med konsert i Hareid kyrkje. Frammøtet på konsertane var heller dårleg. Vi hadde hatt prøvesynging i forkant av samlinga, og 4 nye songarar var med på samlinga.

1.-4. juni – Øvingssamling i Volda
Også denne samlinga gjekk med til å sjå på nytt stoff. Vi møttest fredagen i Volda kyrkje til øving og pizza, før vi hadde ein sein kveldskonsert. Etterpå var det innkvartering på Møre Folkehøgskule. Heile laurdagen gjekk med til øving, men på kvelden hadde vi sosial ”stode” i peisestova med mykje godt program. Søndag reiste vi til Selje og Dalsfjorden og hadde godt besøkte konsertar. Måndag var det på ny øving fram til heimreise kl. 16.00. Ei veldig kjekk samling både sosialt og musikalsk! 

26. juli til 5. august – Sommarsamling
Denne sommaren reiste SKRUK ut i verda….til Sverige. Trass i at opplegget for kyrkjekonsertar var noko annleis i Sverige enn i Norge (og som krevde sitt), hadde Grete og Ragnhild sydd saman ei Sverige-rute som starta og slutta i Norge.  Vi møttest i Vestre Aker kirke på torsdagen, der vi heldt kveldskonsert før vi spurta ned på Aker brygge og song på direkten (singback) på “Sommeråpent”. Privat overnatting.  Fredag reiste vi frå Oslo til Fredrikstad, der vi innkvarterte oss på Solbukta ungdomssenter. Same ettermiddagen reiste vi til Lysekil, der vi øvde og hadde sein konsert. Frammøtet var ikkje stort, men responsen var desto større. Laurdag og søndag var vi på Solbukta der vi hadde øving og prøvde ut/sang gjennom mange engelske salmar. Det vart også tid til bading, grilling, sosialt samver og årsmøte. Ein fantastisk fin plass å vere både for born og vaksne.
Måndag var vi “på vegen igjen” og heldt konsertar i Rygge og Østre Fredrikstad kirke. Dette var godt besøkte konsertar, og kritikkane var overstrøymande både frå enkeltpersonar og i avisene dagen etter. Privat innkvartering.
Tysdag sette vi turen mot Sverige og Uddevalla, der vi heldt konsert på kvelden. Vi budde på Ørtagården, der vi laga til eit heidundrandes taco-måltid og levde livets glade dagar. Onsdag reiste vi til Gøteborg, der vi fekk tid til både øving og “shopping” på byen før vi hadde konsert i Sjømannskirka og den flotte Oscar Fredrik kyrkan. Vi overnatta på Nord-europas største køyseng-rom på Sjømannskirka, der vi lærte kvarandre betre å kjenne. Torsdag hadde vi bade- og kosedag i Marstrand, med ein open konsert i Marstrand kyrkan på kvelden. Her kom det mykje folk, responsen var enorm, og platesalet nådde nye høgder.
Etter ein betre frukost på “Kjerka”, reiste vi fredag til Arvika, der vi hadde konsert i Trefaldighetskyrkan. Overnatta på Brunskog vandrarhem, der opplegget var like laust og avslappa som hundane. Mat, leik og prat utover natta. Laurdag sette vi kursen heimover, og avslutta med konsert i Vinger og Årnes kirke. Deretter køyrde bussen til Sunnmøre på natta.

28.-30. september – Konserthelg i Stavanger-området
Denne helga besøkte “SKRUK åleine” Stavanger-området, der Sølvi og Åsne var lokalkjende medarbeidarar. Vi starta med sein fredagskonsert i Stavanger Domkirke, før vi laurdag besøkte Jørpeland og Riska kirke. Søndag hadde vi middag og sosialt samver hjå Sølvi, før vi avslutta helga med konsertar i Bryne og Sørnes kirke. Vi hadde privat innkvartering begge nettene.

19.-21. oktober – Konserthelg på Austlandet og i Sverige
For å halde Sverige “varmt”, tok vi opp igjen tråden frå sommaren, og køyrde konsertar både i Sverige og Norge. Fredag hadde vi konsert i Ullensaker kirke, med privat overnatting i Oslo. Laurdag reiste ein full buss + ein leigebil (Stort kor. Galib og Sevda var også med) til Karlstad for å opptre på “Lunsjkonserten” i Domkyrkan kl. 12.00, og drive PR for konserten vår seinare den dagen. Etter litt kvalitetstid på byen, drog vi til Sãffle, der vi hadde konsert i By kyrka. Kvelds-konserten hadde vi i Karlstad. Frammøtet var ikkje særleg betre enn sist. Overnatting på vandrarhem. Søndag reiste vi tilbake til Norge, og hadde konsertar i Askim kapell og Ris kirke. Siste konserten var eit samarbeid med mannskoret “Herrer”. Konsertprogrammet var delt i fire: først SKRUK, så “Herrer”, deretter “Herrer” + mannskoret til SKRUK, og til slutt SKRUK igjen.

7.-9.desember – Førjulskonsertar i Oslo-området
Grunna vår suksess-konsert for Via Flyspesialisten og Braathens jula 2000, var vi sterkt ønska også i år. Opplegget vart omtrent som året før: fredag kveld gjekk med til øving. Laurdag hadde vi ein lukka og ein open konsert i Grønland kirke, og søndag besøkte vi Årnes og Ullensaker. Konserten inneheldt som tidlegare songar frå begge juleplatene, og var lagt opp med lesing av juleevangeliet mellom songane. I år gjekk vi vekk i frå at ulike born skulle lese (av ymse grunnar), og vi spurde difor kyrkjetenar Egil Krossen om å vere med på alle konsertane.

2002

8.-10. februar – Innspeling av plata SKRUK På nytt i Volda kyrkje
Vi starta året med plateinnspeling av det populære konsertprogrammet ”SKRUK åleine”. Helga starta med konsert i Ålesund kirke, før vi tok turen til Volda. Her budde vi på Helgatun, og brukte laurdagen og søndag føremiddag til innspeling. Vi avslutta helga med ein tidleg ettermiddagskonsert i Volda kyrkje. Vi hadde reklamert med at denne konserten skulle verte ”live” opptak til plata, og mykje folk kom strøymande, i håp om at hostekulene deira skulle kome på plate. Grunna nettopp mykje støy, vart ikkje noko frå konserten brukt på plata.

8.-12. mai – Konserthelg på Austlandet
Denne langhelga stod aust- og sørlandet for tur. Vi møttest i Oslo onsdag kveld, der vi hadde konsert i Frelsesarméen sitt lokale ”Templet”. Privat innkvartering hjå kjende og kjære. Torsdag sette vi oss i bussen og drog sørover mot Kragerø, der vi hadde konsert kl. 17.30. Turen gjekk vidare til Songe Frikirke med konsert kl. 21.00, før vi tok inn på Haslatun leirstad ei mil utanfor Grimstad. Her budde vi torsdag til søndag med sjølvhushald og sosial stode. Fredag føremiddag hadde vi øving, der vi fekk smake litt på ”Sommerlandet”. Etter middag reiste vi til Grim kirke i Kristiansand der vi hadde konsert kl. 18.00, før vi reiste attende og hadde konsert i Landvik kirke i Grimstad kl.21.00. Laurdag gjekk turen til Arendal, der vi fekk nyte ei herleg fiskesuppe i Anne Veddeng sin residens. Etter middagen fekk vi litt tid til å nyte den ferske plata vår ”SKRUK på nytt”, før vi skulle synge playback på flytescena i båthamna i Arendal. Her var det nemleg småbåtfestival, og vi vart etter mykje om og men, einige om å drive litt PR. Etter eit par tjuvstartar på spor nr. 8, sette SKRUK-klangen i veg ut skjærgården, og resultatet var som om vi skulle gjort det sjølv. Grunna det fine véret, var det likevel ikkje så altfor mange som kom på konserten vår i Barbu kirke på ettermiddagen. Inspirert av sørlandsidyllen reiste vi tilbake til Haslatun og stelte i stand eit skikkeleg rekemåltid der kvitlauksmajones på tube vart ein ”hit”. Det vart elles ein livleg kveld med spontane songinnslag og god stemning. Søndag var det romvask og avreise til Svelvik kirke, der vi hadde konsert kl.17.00. Bussen gjekk deretter til Torp og Gardermoen.
Sett bort i frå at pengekassa vår med 10 000,- kr. i vart stolen i Frelsesarméen sine lokale (!), vart dette ei samling med positivt forteikn både sosialt og musikalsk.

24.-28. juli – Innspeling av plata Stjerna fra øst
Etter førespurnad frå Erik Hillestad, bestemte styret (og koret) seg for at vi denne sommaren skulle bruke samlinga til å spele inn juleplata ”Stjerna fra øst” i lag med Geirr Lystrup. Dette var eit ferdig konsept, der Geirr hadde sett juleforteljinga inn i det russiske steppelandskapet med russiske folketonar, medan tekst og forteljing var på norsk. Henning Sommero tok jobben med å arrangere songane for SKRUK, og Torunn Sævik tok solistrolla som Maria.
Vi starta samlinga med ein godt besøkt ”SKRUK på nytt”-konsert i Vartdal kyrkje onsdag kveld. Som vanleg budde vi på Helgatun, men vi hadde fleire av måltida på Uppheim, der vi hadde leigd inn Solveig Hildre og Maria Søvik som diska opp med middag og kvelds. Torsdag kom Geirr, to russerar, og sonen Sveinung som var tolk for dei to russiske skorpebassane frå den russiske røde armés kor i Moskva. Desse karane låg heilt i grenselandet mellom raping (ikkje [ræpping]) og song, og nokre av tonane var lettare å kjenne enn høyre. Det tok difor litt tid før dei glei inn i SKRUK-klangen. Torsdag, fredag og store delar av laurdag gjekk med til innøving og innsynging til singback frå Moskva Balalaika Quartet.
Søndag reiste vi med buss til Utvik kyrkje, der vi hadde to konsertar i samband med ”Utvikdagane”. Konsertane var godt besøkte, og nyeplata selde godt. Ei fin avslutning på ei sommarsamling som vart noko kortare enn vanleg.

13.-15. september – Konserthelg på Sør-Vestlandet
Som i fjor, la vi første haustsamlinga til sørvestlandet. Bakgrunnen var ein invitasjon frå Undheim kirke og kyrkjemusikkveka i Sveio. Helga starta med konsert i Undheim kapell, der dei tok vel imot oss med mat og privat innkvartering. Laurdag reiste vi til Sveio der vi vart tidleg ferdig med rigging og lydsjekk. Tok turen til Fartein Valen – huset der Sølvi og Fartein (den ”yngre”) tok imot oss med kaffi, snurringsar og omvisning på huset. Planen var at ein biff stroganoff skulle leverast der, men den kom aldri. Dermed vart ein styrtbanan frå Rimi redninga for mange før konserten, medan einkvan sat att med 20 liter stroganoff. Vi gjennomførte i alle fall ein god konsert i Sveio kirke for eit heller lite publikum, og dette var truleg ein av dei få gongane ein arrangør har gått med tap etter ein SKRUK-konsert. Betre besøkt var konserten i Norheim kirke seinare på kvelden. Også denne natta hadde vi privat overnatting, og mange hadde fått egg til frukost. Søndag fekk vi tid til litt øving på ”Sommerlandet”, før vi avslutta med konsert i Randaberg kirke på ettermiddagen.

18.-20. oktober – Konsertar og øving på Sunnmøre
Dette vart ei sunnmørshelg med to konsertar og mykje øving. Vi starta i Brattvåg kirke der Kjell Arne diska opp i kjent SKRUK-stil. Laurdag gjekk med til øving på ”Sommerlandet”, nye acappella-songar og oppfrisking av ”jomfru Maja”. Vi heldt til i kjellaren på Spjelkavik kirke. Folk budde privat i Ålesund-området begge nettene. Søndag heldt vi fram med øving på Hareid bedehus, og tok igjen den tapte stroganoffen i dancingen på Hareid Hotel. Vi avslutta helga med Hareidstemne-konsert i ei fullsett Hareid kyrkje.

29. november – 1. desember – Førjulskonsertar med Stjerna fra øst
Sunnmørsturné med jamnt over godt besøkte konsertar. Brukte fredag og laurdag føremiddag til samkøyring med orkester og solistar (Geirr og Anna Sundstrøm Otervik), og heldt første konsert laurdag kveld i Volda kyrkje. Søndag reiste vi først til Ellingsøy kyrkje og avslutta helga med ein sein kveldskonsert i Ørskog kyrkje.

6.-8. desember – Førjulskonsertar med Stjerna fra øst
Køyrde same opplegget som på Sunnmøre, men med Torunn Sævik som solist.
Sidan vi her tok utg.pkt. i songarane frå Oslo, trengde vi også her fredag til øving. Laurdag vart hektisk med tre konsertar: først ein tidleg konsert i Ullensaker kl. 16.00, så ein lukka konsert for Via og Braathens i Trefoldighetskirken kl.19.00, og til slutt ein sein kveldskonsert i Sofiemyr kirke Oppegård kl. 22.00. Søndag reiste vi til Strømsø kirke i Drammen, før vi avslutta med konsert i kulturkirken Jacob i Oslo med statsminister og kulturminister til stades.

2003

14.-16. februar – Øvings- og konserthelg på Sunnmøre
Året starta med konsert- og øvingshelg på Sunnmøre. Vi møttest til øving og ”SKRUK på nytt” – konsert i Sykkylven fredag kveld (kl.21.00), og sidan vi hadde lagt opp til privat overnatting denne helga, reiste vi kvar for oss etter konserten.
Laurdag starta vi friskt med øving på Valldal skule, og denne gongen var det ”nytt” norsk stoff som skulle øvast inn til New Orleans. Øvinga vart avbroten av intervju og ein bildeseanse for Sunnmørsposten som skulle profilere jubileumsåret vårt. Sidan dette var ei lavbudsjett-helg med sjølvhushald og private bilar og heimar, laga vi middagen sjølv: ”Over the edge-lasagne” med salat – herleg! Konsert i Valldal kyrkje kl. 20.00. Søndag heldt vi fram med øving og middag på Sunnmøre folkehøgskule før vi avslutta helga med ein kjempekonsert for fullt hus under opninga av nye Herøy kyrkje.

10.-22. april – Turné til New Orleans saman med Kulturmix
10.april sette ein spent gjeng seg på flyet til New Orleans for å møte nye og gamle musikarar, 60 kulturmixdeltakarar, og for å lære nye gospelsongar som skulle danne grunnlaget for Moldejazz-konsertane to månader seinare. Etter ei lang flyreise vart koret henta på flyplassen av ein middels buss, medan styret m/familie fekk kvit limosin (ikkje meir enn rett og rimeleg). Sjølve seminaret gjekk føre seg på Den norske Sjømannskirka, og Carver Davenport og TC Hawkins var instruktørar og aktive i den musikalske organiseringa. Den første kvelden og dagen gjekk med til å aklimatisere seg både i høve til tid, temperatur og kulturmix-gjengen. Dei neste dagane gjekk med til seminar med innøving av nytt stoff. Søndag deltok vi på gudstenesta på Sjømannskirka i tillegg til at vi hadde ein a cappelle-konsert med fri entré i Trinity Church. Mange kulturmixdeltakarar og nokre lokale møtte opp. Mandag kom Ytre Suløen og ville vere med på leiken, og dei to neste dagane vart det tut og køyr med Carver i falsett og stadig nye fjes på scena.
Ein grytidleg morgon var dei mest oppegåande i koret i studioet til Channel 4 for å reklamere for konserten vi skulle ha laurdag. Onsdag var fridag med plantasjebesøk og shopping, før vi hadde ”Norsk Aften” på Sjømannskirka med mykje song, musikk og mat.

Torsdag og fredag var det på ny seminardag fram til vi skulle på lunsj i hagen heime hjå Olivia Cooper. Etter ei fantastisk oppvarting, reiste vi gode og mette til Dixon Hall for lydsjekk og oppstilling. Laurdag hadde vi fri på føremiddagen, og mange nytta høvet til ein ”Swamp-tour” for å sjå nærare på alligatorar, skilpadder og ymse fuglar. Klokka 16.30 reiste vi til Dixon Hall der vi skulle ha prøver i lag med band, solistar og symfoniorkester før konserten klokka 19.00. Sjølv om det hadde vore mange fortvilte sjeler som følte at stemmeføringa stadig tok nye vegar, verka det som om ting byrja falle på plass, og det var ein festkledd og oppstemt gjeng som gjekk på scena. Frammøte av publikum var vel noko under det arrangørane hadde håpa på, men mange av dei som var der, var prominente gjestar som t.d. ambassadør Knut Vollebæk med frue.
Konserten var delt i tre: først ei avdeling med SKRUK åleine, så ei avdeling med Ytre Suløen og Earl Hyman, og til slutt ei brakavslutning med SKRUK, kulturmix, Ytre Suløen, symfoniorkester, band og ulike solistar.
1. påskedag vart den store gudsteneste-dagen. Vi starta dagen med gudsteneste kl. 09.00 i ei stor svart kyrkje med eige gospelkor, B3, storskjerm, sikkerheitsvakter, ein ivrig pastor og høg ”halleluja-faktor”. Ei minnerik gudsteneste der vi framførte ”Kyrie” til heftig applaus og ”Amen!”- tilrop. Midt i lovsongen måtte vi stikke for å nå påskegudstenesta på Sjømannskirka der vi skulle opptre i lag med Ytre Suløen. Det vart ei feststemt gudsteneste med trøkk, etterfulgt av kyrkjekaffi i påskesol. På kvelden hadde TC og Carver på kort varsel tromma i hop til ein ekstrakonsert med prosjektet vårt i ei svart kyrkje, og vi song det vi vann for kyrkjetenaren og tre frammøtte. Det heile vart nesten komisk. Den siste dagen før avreise stod open til å gjere det ein følte mest for, anten det var bading, shopping eller sightseeing. Tysdag 22.04 reiste vi brune og fine heim, med baggasjen full av taxfree-godis og notar som skulle tilpassast og finpussast til Moldejazzen.

29. mai til 1. juni – Øvingshelg i Volda
Denne helga skulle vi samle musikalske trådar og førebu oss til konsertane under Moldejazzen. Vi møtte opp i Vigra kyrkje Kr.himmelfartsdag kl.17.00, og gjorde oss klar til konserten kl. 20.00. Vi reiste så til Helgatun, der vi levde med sjølvhushald og soveposar. Fredag morgon starta vi øvinga, og det skulle vise seg at det var mange flokar som måtte nøstast i dei neste dagane. Vi fekk likevel tid til ”ord for dagen”, programkveld, allmøte, gode matykter og mange gode historier. I tillegg kom Torunn med ei fersk innspeling frå konserten med ”Sommerlandet”, noko som vart ein heftig smake- og lyttebit for komande prosjekt.

13.-17. juli – Fem konsertar under Moldejazz
I og med at mai-samlinga vart så lang dette året, la vi opp til ei kort, men intensiv sommarsamling. Vi var nok ein gong ønska av Moldejazzen, og denne gongen hadde vi med oss ferskt repertoar frå New Orleans saman med Ytre Suløen, Carver Davenport, Tricia Boutee, TC Hawkins og Zeke. Det var i utgangspunktet sett opp to konsertar, men grunna stor pågang vart det raskt sett opp tre konsertar til.
SKRUK starta med oppfrisking av stoffet i strålande sol på Vestheim mandag morgon, der eindel av oss hadde vore sidan søndag kveld. Ut på dagen kom Ytre Suløen for å samkøyre og bli einige om gangen i songane. Etter ein lang øvingsdag fekk koret kvelden fri til beachvolleyball, bading, tur til Molde eller Vestnes City.
Tysdag reiste vi til Molde og brukte dagen til øving og lydprøver i kyrkja. I kjellaren vart det diska opp med koldtbord i stor stil, noko som la eit godt grunnlag for dei to konsertane. Konserten var tredelt med SKRUK, Ytre Suløen og fellesnummer, og inneheldt alt frå det mest vare, til full utblåsning frå både kor og orkester. I tillegg til Tricia og TC frå New Orleans, hadde vi eigne solistar i Torunn Sævik, Ragnhild Eide Akslen og Anne Marte Slinning. Fullt hus, variert repertoar, begeistra publikum og ein temperatur som tok oss tilbake til New Orleans, gjorde dette til ein strålande konsertkveld. Koret fekk også prøvd ut dei nye og fancy t-skjortene sine under desse konsertane.
Onsdag sov vi litt frampå, før vi sette i gong med årsmøte og val. Dette vart gjennomført utan dei store diskusjonssakene. Etter møtet reiste vi til Molde og gjorde oss klare til dei tre siste konsertane. Til desse to konsertane hadde vi hyra inn folk til å filme og gjere lydopptak. Nok ein gong samla vi fulle kyrkjer, og stemninga var om mogeleg endå betre enn kvelden før. Det var ein god følelse å stå og synge for ei sprengfull domkyrkje, medan du ikkje såg enden på køa som stod utanfor å venta på å kome inn på neste konsert.

3.-6. oktober – Innspeling av plata Krybberom med Rim Banna i Volda kyrkje
Denne helga kom noko seint inn i programmet, men sidan Erik (Hillestad) var så gira på å spele inn ny juleplate, fekk vi samla koret tidsnok til å få plata ferdig til jul. I lag med artisten Rim Banna frå Nasaret song vi inn 14 palestinske, norske og internasjonale julesongar. Tord Gustavsen hadde arrangert alle songane, og hadde med seg Mats Eilertsen på bass og Kenneth Ekornes på perkusjon i tillegg til at han sjølv spelte piano.
Sunnmørsgjengen tjuvstarta på stoffet søndagen før med ei dagsøving på Helgatun. Dermed var det lettare å kome i gong då alle samlast fredag kveld på Helgatun. Her vart det intensiv øving fram til laurdag då Tord kom og innspelinga byrja. Tidsskjemaet holdt med god margin, og vi var ferdige tidleg mandag. Resultatet kom ein god måned seinare, og oslo-gjengen var nok ein gong tidleg oppe for å markedsføre plata på frukost-tv. Plata fekk strålande kritikkar.

17.-19. oktober – 30-årsjubileum i Ålesund
I over eit år hadde jubileumskomitéen jobba med denne helga. Komitéen bestod av SKRUK-veteranane Toril Sæter, Anne Stine Kristvik, Fredrik Håskjold og Ketil Hjelset. I lag med styret hadde dei lagt opp til ei storstilt samling på Rica Parken Hotell for tidlegare og noverande songarar.
Om lag 150 spente skrukarar møtte opp fredag kveld, og det var ikkje fritt for hyling, gapskratting og gledesutbrudd ettersom ein fann igjen gamle kjente. Helga var lagt opp som ei tradisjonell SKRUK-helg med øving, ord for dagen, gode matøkter, programkveld og konsert.
Etter innsjekking, starta vi fredagskvelden med å varme opp og ”lalle i hop” storekoret. Notehefte for jubileumshelga vart utdelt, og vi kom oss eit stykke i blekka. Klokka 21.00 var det klart for middag, og deretter uformelt samver der ein fekk snakke frå seg med nye og gamle.
Laurdag starta med god hotellfrukost og ord for dagen, før øvinga tok til. Tord Gustavsen kom utpå dagen, og vart med på øvinga vidare. På kvelden var det klart for festmiddag med talar og program. Til denne kvelden hadde vi invitert diverse gjestar som har stått koret nært gjennom mange år. Desse var m.a. Per Arne Bjørkedal, Arnfinn Haram, Henning Sommerro, Suløen (Jan Inge, Ottar, Jens, Stein Erik, tvillingane, David, Kåre, Askjell, Einar), Erik Hillestad, Kjell Rovde, Alf Christian Hvidsten, Skutlaberg m/frue, Per Inge Almås, Bjørn Wegge, Galib og Sevda Mamedov. Alle hadde diverre ikkje høve til å møte.

Menyen for festen var som følger:
forett: varmrøykt reinsdyrshjerte.
Deretter ei fisk og skalldyrsuppe.
Ytrefilet av okse m/friske grønsaker og stekte poteter
Og til slutt: Creme Malakof (heimelaga karamellpudding med vaniljeis) + Kaffi
Vi fekk også mange gode og humoristiske talar: Ketil Hjelseth heldt kveldens festtale, som var ein hyllest til kor, dirigent, og det arbeidet som har blitt lagt ned desse 30 åra. Ester Klungre og Anne Stine Kristvik kom med både kompliment og skråblikk i ”Herrenes tale”, medan Nils Arne avslørte sin tidlege kjærleik til Kari Mork Håskjold i ”Damenes tale”. Det vart så overrekking av blomster til noverande leiar og førstedamene i SKRUK: Ingrid Marie, Paula og Kari, før Fredrik avslutta måltidet med ”takk for maten-tale” ilag med den nyleg gjenoppståtte Trøkken.
Etter ei pause, var det filmframsyning. Prots og Solveig Hildre hadde sett saman filmklipp frå ulike prosjekt og turar frå starten og fram til i dag. Filmen hoppa fram og tilbake i tid, noko som skjerpa tilskodarane. Det vart ei sterk mimrestund, med mange artige gjensyn.
Etter filmen var jubileumskaka koma på bordet, og det var tid for kaffi og vidare mimring. I siste del av programmet fekk vi songinnslag med Gunhild Roald og Ragnhild Eide Akslen, damekor-medley. med klar mannsapell, mannekengoppvisning med skruk-kledningar frå ulike tidsepokar, ljosbilete ved Arne Håberg, og intervju med tilbakeblikk av Dag Honningsvåg og Odd Arne Standal. I tillegg fekk vi helsing frå Kirkelig kulturverkstad ved Alf Christian Hvidsteen og besøk av Ytre Suløen som kom med gåve. Festen vart formelt avslutta av Trøkken under leiing av Magne Fremmerlid. I eine delen av festlokalet hadde Ingrid Marie med fleire laga til ei flott utstilling med SKRUK-effektar frå gamal og nyare tid som folk kunne bivåne. Sjølv om det var langt på natt, var det mange som vart igjen for å sjå på utstillinga, og for å prate med gamle kjende utover natta.
Søndag starta roleg med god frukost, ord for dagen og oppvarming. Etter ei kort øvingsykt åt vi lunsj og sjekka ut av hotellet. Vi møttest i Ålesund kirke kl.14.30, og gjekk gjennom programmet ilag med musikarane Tord Gustavsen (piano), Harald Johnsen (bass) og Knut Aalefjær (perkusjon). Klokka 18.00 var det klart for jubileumskonsert for ei nesten fullsett kyrkje. Tidlegare SKRUK-songarar hadde rigga seg til på galleriet, medan noverande SKRUK-kor stod framme i kyrkja. Dette skapte ein mektig musikalsk effekt. På repertoaret stod: Velt all din veg og vande, Skal vi ustridig hist, Navnet Jesus, Med Jesus vil eg fara, He`s the same, I Love the Lord ( ny), Du som låg i natti seine, Abide with me, Alleluyah, Slutningssalme, Se, vi går opp til Jerusalem, Gammel fabel, Kyrie (Wittoria), Bist du bei mir, For God so loved the world.
Den varierte konserten vart også ei fin avslutning på jubileumshelga, og det kom mange godord både frå publikum og tidlegare skrukarar etter konserten.

6. november – Plata Krybberom blir lansert i Oslo

2004

13.-15. februar – Konserthelg på Austlandet
Vi fekk ein dårleg start på året, i og med at jubileums-konsertane for OL på Lillehammer i lag med Ytre Suløen vart kansellerte rett før samling. Dermed heiv vi oss rundt og bestilte Helgerud kirke, der vi hadde ”SKRUK på nytt”- konsert fredag kveld kl. 21.00. Privat overnatting i Oslo. Laurdag morgon møttest først SKRUK til øving i Kulturkirken Jakob, før Ytre Suløen kom og tok del i øving og lydprøve på ettermiddagen og konsert kl. 21.00
Søndag gjekk turen frå Oslo S. til Hoff kirke, der vi i tillegg til oppvarming og oppstilling, fekk nyte søndagsmiddagen på Hoff gjestegiveri. Konsert i Hoff kirke kl. 16.00, med styrtavreise til Vang kirke på Hamar der vi hadde konsert kl. 19.00. Med flagrande kappe gjekk turen så til Gardermoen for å nå fly heim. Ei hektisk avslutning på ei ellers roleg helg.

20.-22. mai – Konsertar under Festspela i Bergen
I samband med Festspela i Bergen, hadde vi fått førespurnad om å halde to konsertar i Johanneskirken i lag med Ytre Suløen. Vi møttest kl. 13.00 på Flesland Kr.himmelfartsdag, for så å ta turen til Dale kirke, der vi hadde ”SKRUK på nytt”- konsert kl. 17.00. Eigentleg skulle vi ha konsert i lag med Ytre Suløen på Voss, arrangert av Vossajazz. Grunna dårleg kommunikasjon mellom Ytre Suløen og Festspela, enda det med at vi heldt nok ein ”SKRUK på nytt”- konsert i Fraktgodsen på Voss, eit lokale som ikkje akkurat er skapt for a cappella. Så var vi endeleg klare til å innkvartere oss på hotell igjen, noko som kanskje ikkje skjer alt for ofte. Comfort Hotel Holberg hadde den ære.
Fredag starta med allmøte etter frukost, der vi tok opp spørsmålet om evt. romjulskonsert på Sunnmøre, sommarsamling, KKV sitt jubileum og ny ordning med økonomiansvarleg.
Resten av dagen gjekk med til øving og lydprøve i Johanneskirken. Både konserten kl. 19.30 og kl. 22.00 var utseld, og det gjorde godt å stå framfor ei fullsett kyrkje. Laurdag starta vi på Sommerland-stoffet som skulle spelast inn til sommaren, før vi reiste kvar til vårt midt på dag.

4. juni – SKRUK mottar Bektas Özen Folkemusikkpris i Tyrkia
Dette året mottok SKRUK Bektas Özen Folkemusikkpris for plata ”Landet vi kommer fra”. Den norske ambassaden sin representant Tone Andersen mottok fredag 4. juni 2004, på vegne av SKRUK, Bektas Özen Folkemusikkpris i høve opninga av “the 5th Art Festival”. Festivalen vert organisert kvart år av “The Association for Recpect to Art” i Hasanoglan i Ankara.

1.-8. august – Innspeling av plata Sommerlandet i Volda
Etter fleire utsetjingar, var det endeleg klart for innspeling av ”Sommerlandet”. Vi starta friskt med to konsertar (kl. 16.00 og 19.00) under ”Utvikdagane”, der vi hadde med oss Magne Slettevoll sin trio. Full kyrkje, god mat og varmt i sjøen, gjorde dette til ein flying start. Deretter vart det ein kamp med klokka og ferjene for å kome oss til Kjelsund. Der venta mat og senger på svoltne og trøytte sjeler. Måndag til onsdag vart det Kjelsund-opphald av gamalt godt merke: bading, øving, volleyball, kano-utflukt, god mat, programkveld, 16 ivrige ungar og dyktige barnevakter. Dette var kvalitetstid som ein vil leve lenge på. Tord Gustavsen kom og var med på øvingane tysdag, og var storlegen fornøgd med både det sosiale og det musikalske. Opplesar Cecilie Jørstad kom også til konserten i Herøy kyrkje onsdag, der vi hadde ei urframføring i lag med Tord, Cecilie og Torunn. Mange hadde funne vegen til kyrkja, og det vart ei fin og sterk stund. Kvelden vart avslutta med nattbad og kiosksamling på kjøkkenet på Kjelsund.
Torsdag reiste vi til Volda, der lydmann Per Espen og Erik hadde rigga seg til i kyrkja. Etter kvart kom også resten av bandet med Mats Eilertsen (bass) og Rob Waring (perc.).
Dei neste dagane gjekk med til innspeling, årsmøte, og gode måltid tilrettelagt av Solveig Hildre. Vi budde privat i Volda/Ørsta-området, og hadde fellesmåltid på Uppheim. Samlinga vart avslutta med ein godt besøkt ”Sommerlandet”- konsert i Volda kyrkje kl. 16.00.

23.-26 september – Kirkelig Kulturverksted sitt 30-årsjubileum
Dette året feira Kirkelig kulturverksted 30-års jubileum, og SKRUK var sjølvsagt ei viktig brikke i jubileumskonsertane. Allereie torsdag kveld var vi på plass (i alle fall nokre av oss) for lydprøve i kulturkirken Jakob. Fredag føremiddag hadde vi øving i KFUM-huset, før vi gjorde oss klare til 3 konsertar der vi skulle synge på to. I tillegg til a cappella-songar, opptredde vi ilag med Arja Saijonmaa, Altiplano og Ole Paus, noko som slo godt an.
Opplegget rundt konsertane var veldig bra, med ”bongar” for tilgong til mat og drikke. Vi gjekk dermed og menga oss med meir eller mindre celebre gjestar, som sjølvsagt ikkje hadde vore like lenge i ”gamet” som SKRUK, men som var ganske gode likevel.
Laurdag hadde vi lagt opp til tidleg konsert kl. 14.00 i Domkirka, men det var ikkje for mange som fann vegen dit (av publikum altså). Etter konserten gjekk vi rett i bussen, som tok oss til Holmen kirke. Der stod vår kjære lydmann Alf Christian Hvidsten og venta på si brud. Etter hans ynskje song vi ”Bruremarsj frå Øre” til innmarsj, og ”Kyrie” under seremonien. Denne ekstra-servicen sette både brudeparet og dei andre stor pris på. Etter å ha sikra ekteskapet, reiste vi til Nordstrand kirke, der pizzaen venta. Her heldt vi konsert kl. 19.00 for ei middels full kyrkje. Etterpå hadde Elsa og Jon invitert til ”stode” heime hjå seg, der vi fekk høyre ”Sommerlandet”-plata for første gong. Det var lov å skryte av seg sjølv etter det.
Søndag var vi på nytt i Kulturkirken Jakob, no med det tredje konsert-konseptet for helga. Tord og resten av gjengen var på plass til ei kort gjennomkøyring før konserten kl. 16.00. Vi gjennomførte ein god konsert for ei nesten fullsatt kyrkje, og kritikkane etterpå var overstrøymande. Ei variert og kjekk helg litt utanom det vanlege.

22.-24. oktober – Konserthelg saman med Bergen Nord Kammerkor
Andre samlinga vår denne hausten var kjøpt og betalt av Bergen Nord kammerkor. Her kom vi til dekka bord på alle felt. Vi hadde base på Åsane folkehøgskule, der vi øvde, åt og sov. Vi hadde ein del fellesøvingar med Bergen Nord kammerkor, men også noko tid for oss sjølve. Vi vart teke godt imot av dei andre songarane, og på kveldane var det laga til med godis og drikke i peisestova.
Fredag og laurdag føremiddag gjekk med til øving. På ettermiddag laurdag reiste vi til Foldnes kirke, der vi hadde konsert kl. 20.00. Etterpå var det ”heim” til mat og sosialt samver.
Søndag hadde vi SKRUK-øving fram til middag kl. 13.00, før vi reiste til Åsane kirke. Her hadde vi to utselde konsertar kl. 18.00 og 20.30.

29. desember – Romjulskonsertar på Sunnmøre
Ein gjeng samla seg 4. juledag i Voldsdalen menighetshus for ei gjennomkøyring av ”Stille natt”- repertoaret, medan nokre englar kom flygande inn 5. juledag. Då starta vi i Syvde kl. 11.00, og hadde intensiv øving fram til vi inntok deilig koldtbord tilrettelagt av Ester og Gunn. Konserten i Syvde kyrkje kl. 17.30 var godt besøkt. Trass i glatte vegar og mykje pengar å telje opp, rakk alle ferga over til Årvik, og vi var dermed i rute i høve til konserten i Herøy kl. 21.00 Grunna god marknadsføring med førehandssal, vart også denne konserten ein suksess både musikalsk og økonomisk trass i eit forferdeleg vér.

2005

11.-13. februar – Konsertar a cappella på Austlandet
Anne Stine og Gertie var svært gode medhjelparar på denne samlinga, noko som gjorde at vi kunne gå for delvis privat overnatting. Vi starta med konsert i Asker kirke fredag kveld, og det var SKRUK på nytt- repertoaret som stod på planen denne helga. Etter privat overnatting i Oslo, sette vi laurdag kursen mot Skien. Her inntok vi ein flott middag på herregården der innspelingane til Stompa-filmane hadde gått føre seg. Deretter rusla vi ned til Skien kirke, der vi hadde ettermiddagskonsert. Bussen gjekk så vidare til Notodden, der vi hadde konsert i Låvekirka i Heddal, som var ei litt spesiell kirke (derav namnet). Her fekk vi også servert kaffi og mat av blide damer. Etter konserten vart nokre innlosjert privat, medan andre tok inn på vandrarheim.
På søndag reiste vi til Skårer kirke og hadde konsert der kl.17.00. Som alltid var det rett i bussen etter konsert, kyss klapp og klem, og så var det klart for ”take off” til kvar våre destinasjonar der vi driv SKRUK-fremjande arbeid.

15.-17. april – Konserthelg i Trøndelag
Denne helga køyrde vi noko av same løypa i Trøndelag som på ei tidlegare sommarsamling. Utgangspunktet var også denne gongen Mjuklia, der vi øvde, åt og sov. I tillegg til 5 konsertar, skulle vi også starte å øve på litt nytt stoff.
Vi møttes på Værnes fredag ettermiddag, der bussen tok oss vidare til Melhus kirke for konsert. Også på denne samlinga var det SKRUK på nytt-programmet som stod på menyen. Laurdag var det øving fram til middag. Deretter reiste vi til Orkdal, der vi hadde konsert kl.16.30. Så var det tilbake til Mjuklia og kveldsmat, før vi igjen tok ut med buss til Innset kirke og kveldskonsert.
Søndag var det øving og pakking før avreise mot Trondheim. Her vart det tid til ein middag, før vi hadde konsert i Salem kl.15.00 og i Malvik kirke kl.18.30. Så var det strake råsa heim.

24.-30. juni – Sommarsamling på Møre
Vi starta med felles buss-transport frå Moa fredag ettermiddag. Turen gjekk først til Røbekk kirke, der vi hadde kveldskonsert. Deretter køyrde vi til Frei, der dei hadde laga til suppe som nattmåltid. Her vart vi innlosjert hjå ulike familier, men brorparten hamna hjå Olav Bergheim, som hadde ein heller romsleg eigendom med hus og hytter nede ved sjøen. Det skulle vise seg at denne innlosjeringa skulle få vidare følgjer for SKRUK sine oppdrag framover då entusiasmen mellom Bergheim og SKRUK var stor og gjensidig.
Laurdag hadde vi innøving av nytt stoff fram til middag. Med ein tidleg ettermiddagskonsert i Frei kyrkje, fekk vi god tid til eit besøk hjå familien Mamedov. Her vart det både aserbajdsjansk mat, song, taler og gåver til langt ut på kvelden.
Søndag gjekk vi til gudsteneste, der vi framførte eit par songar frå galleriet. Seinare på dagen skulle vi ha konsert i ”teltet”, og dette var blitt annonsert som ein heilt anna konsert enn den vi hadde i kyrkja, så vi brukte føremiddagen til å gjere litt om på konsertprogrammet. Dette slo godt an i eit fullsett ”partytelt”. Vi reiste så rett vidare til Tingvoll, der vi hadde kveldskonsert i Straumsnes kirke. Også her var det godt frammøte. Då vi kom tilbake til Frei seint på kvelden, hadde familen Bergheim laga til eit fantastisk reke-måltid for heile skruk-gjengen, og det vart eting, synging og bading til langt på natt. Det vart ein sommarkveld med ”smak av honning”.
Mandag sette vi kursen mot Orreneset leirstad, eit lite paradis i Sykkylven, der ungar kan leike seg i Guds frie natur omgitt av vatn, skog og fjell. Om lag 20 ekstra (ungar/koner og menn) vart difor med på samlinga vidare. Etter å ha installert oss og fått oss middag, køyrde vi ei god øvingsøkt fram til kveldsmat. Etterpå var det sosial stode og familietid.
Tysdag starta med frukost, ord for dagen, og oppvarming før vi tok årsmøte. Etter årsmøte var det enkel middag, og deretter øving. Seinare på kvelden fekk karane i bass-rekkja enno ein gong vise at dei kan å lage mat. Denne gongen var det grilling, bakte poteter og mørt lammekjøt rett frå ”jord-omnen”. Ei feststund nede ved vatnet. Då vi var gode og mette køyrde vi i gong programkveld med eit variert innhald. Her var det både familiekor, dans, sketsjar, song, takketaler, gåver og leikar. Ei strålande avslutning på ein strålande dag.
Onsdagen var meir som ein ”vanleg” skruk-dag. Etter ord for dag, øving og måltid, reiste vi til Norddal kirke. Her fekk vi middag ute i storslått natur, og bestemte oss for å ta nokre bilete av koret nede ved sjøen. Med dei svarte flagrande kappene, såg det ut som om skarven hadde slått seg ned i fjøresteinane. Etter ein varm og intim konsert, reiste vi tilbake til Orreneset, der ein fekk ete og ta eit kveldsbad i prioritert rekkefølgje.
Klokka 19.00 hadde vi vår siste sommarkonsert i Ellingsøy kyrkje, før vi tok farvel i strålande sommarvér.

Lars Trygve Grimstad, leiar juli 2005 – juli 2010

23.-25. september – Konserthelg i og rundt Stavanger
Så var det då klart for den fyrste samlinga til det ”nye” styret, og turen gjekk til Stavanger med omegn. Rett frå bagasjebandet gjekk turen først til Riska kyrkje og ein kveldskonsert der. Etter ei økt med rik klang og eit nøgd publikum vart koret innlosjert anten privat eller i campinghytter. Laurdag var vi booka til to konsertar på kvelden i ei ny kyrkje på Nærbø. For å halde strupen varm heldt vi ein lunsj-konsert i Stavanger domkyrkje. Midt i Stavanger sentrum på ein fin-fin haustdag, vart dette ein hit, og konserten vart godt besøkt. Så, etter litt fritid på byen, gjekk bussen til Nærbø. Jan Arne Wold, ein kjenning av Prots, var kontaktpersonen vår der. Han diska opp med mykje godt til oss og pausene i øvinga vart etter kvart lange. Seint på kvelden, etter to velbesøkte konsertar, drog både kor, publikum og kyrkjetenarar nøgde heim til sitt.
Søndag vart ein roleg dag. Etter ein sein morgon møtte vi i Tananger kyrkje til øving, eting og ein lite allmøte. Altiplano slutta seg ettter kvart til, og saman heldt vi ein overraskingskonsert for eit publikum som kanskje fekk meir enn dei hadde rekna med.

4.-6. november – Turné på Austlandet med Sommerlandet
I november tok vi igjen fram Sommerlandet-reportoaret og fekk eit hyggeleg attsyn med både Tord Gustavsen, Cecilie Jørstad og Torunn Sævik. 4 konsertar var kjøpt av Jølstad begravelsesbyrå og vart gitt gratis til pårørande og kundar i anledning allehelgenshelga.
SKRUK starta helga med ein a cappella- konsert i Eidsvoll kyrkje fredag. Etter privat overnatting i Oslo, tok vi laust mot Rakkestad kyrkje laurdag morgon. Vel hjelpt av GPS rakk vi å køyre oss litt vill før sjåføren fann fram. I kyrkja møtte vi band og solistar og fekk friska opp stoffet før første konsert. Seinare på kvelden heldt vi konsert nr. 2 i Fredrikstad frikyrkje. Her hadde dei òg diska opp med mykje god mat til oss, men dessverre ingen yoghurt. Tunheimen vandrarheim i Sarpsborg vart heimen vår denne natta.
Søndag morgon rakk vi eit lite allmøte, før vi spaserte til Lande bosenter. Her heldt vi eit mini-konsert for bebuarar og frivillege i Tune kyrkje i bytte mot gratis middag, og reklamerte samstundes for konserten i Tune kyrkje seinare på kvelden.
Så gjekk turen til Halden kyrkje og konsert nr. 3, før vi returnerte til Sarpsborg igjen og konsert nr. 4 i Tune kyrkje. Litt stress gjorde at ikkje alle oppdaga kake-bordet dei hadde gjort klart for oss i kapellet like ved, men dette var kanskje like greit. Siste konsert vart framført for nok ei full kyrkje før dei som skulle ta fly måtte haste med flid mot Gardermoen.

30. desember – Romjulkonsertar på Sunnmøre
Også dette året samla SKRUK troppene i romjula til ein ekstra, frivilleg konsertdag.
Størsteparten av Sunnmørsgjengen mobiliserte både aktive og pensjonerte songarar, og der det var behov vart forsterkningar skyssa inn frå andre delar av landet.
Det heile tok til kvelden i førevegen. Dei som hadde tid, hadde ei god øvingsøkt i Voldsdalen menigheitshus. Fredag møtte vi tidleg på Hareid bedehus og etter ei stund satt stoffet så godt at vi prøvde oss på live-synging på NRK Møre og Romsdal. Dessverre heldt ikkje mobilen til Prots heilt mål.
Etter middag på hotellet, og ein god time til å fordøye all ballen vi åt, var vi klar for konsertar. Vi heldt den første i Hareid kyrkje før vi tok turen til Spjelkavik kyrkje.

2006

10.-12. februar – Øvingshelg på Viken folkehøgskule
Utgangspunktet for denne samlinga var å øve inn nytt stoff til vårt komande plateprosjekt. Frå USA kom difor Mr. Carver S. Davenport og Mr. Ezekiel Williams, Carver med eit knippe notar og Zeke med ti fingrar, for å hjelpe til med det. Jorunn sin arbeidsplass, Viken folkehøgskule, vart åstaden denne helga.
Der øvde vi heile laurdag og store delar av søndagen. Laurdag hadde vi og ein liten programkveld i tillegg til ein intimkonsert for elevar på skulen. Her rekrutterte vi nok mange nye tilhengarar, då fleire av dei umiddelbart ville prøvesynge.
Sidan øving var i fokus denne helga vart ikkje konsertane så mange. Likevel heldt vi ein konsert i Hurdal kyrkje fredag kveld og ein i Gjøvik kyrkje på søndagen. Den siste heldt vi ilag med to lokale kor.
Samlinga gjekk fint føre seg denne gongen også, og forutan at våre venner frå USA fraus godt og vår venn Ola bestillte buss 5 min. før avreise fredag, opplevde vi ingen dramatikk.

31.mars til 2. april – Konserthelg på Møre
Denne gongen var det kamp på heimebane for SKRUK då samlinga var lagt til Sunnmøre. Sidan vi brukte forrige helg til øving, var det viktig med mykje konsertar denne gongen. I tillegg var planen også å spele inn ein promoteringsfilm til vår komande Californiaturnè. Dessverre gjekk ikkje veret med på at vi skulle filme, så den tida vart i staden nytta til meir øving. Etter oppmøte på Vigra bar det rett til Valderøy og konsert med SKRUK a cappella. Laurdag møtte vi i Spjelkavik bedehus til ei økt med øving. Så fekk heile koret slå seg litt laus på Moa med matpengar før to nye konsertar stod for tur; først i Borgund kyrkje før vi avrunda kvelden med ein konsert i Herøy kyrkje.
Søndagen drog vi direkte til Molde domkyrkje. Der sang vi postludium på gudstenesta, noko som igjen skulle vise seg å gjere godt utslag på konserten seinare på kvelden. Vi fekk smake kyrkjekaffi ilag med kyrkjelyden, hadde deretter ei lite øvingsøkt i kjellaren der vi fekk smake på den komande plata vår, før vi fekk smake god taco til middag.
Som avrunding for helga heldt vi ein godt besøkt konsert i domkyrkja. Og dei som møtte opp på konserten fekk m.a. oppleve at ”Han er oppstanden” forsvant ut av programmet etter Arnt Ole si nytolking: ”..Jesus, vår phølser…”. Alle i koret var tydelegvis ikkje like godt nøgde med val av middag.

1.-9. august – Sommarsamling på Sunnmøre og innspeling av plata Dype stille sterke milde
Sommarsamlinga inneheldt det meste ein kan ynskje seg av ei sommarsamling, inkludert godt vèr. Hovudfokuset var først og fremst innspeling av ei ny plate. Det heile starta i januar med eit møte mellom Erik Hillestad og styret der eit plateprosjekt vart diskutert. I utgangspunktet skulle dette vere ei gospel/spirituals-plate der Ytre Suløen var nemnt som samarbeidspartner. Men undervegs i prosessen endra dette seg, og det vart i staden ei salmeplate, arrangert av Tord Gustavsen og akkompagnert av Nymarks Collective. Sidan dette skulle vere ei live-plate, var vi spente på korleis dette ville gå.
Vi fekk samla tankane og troppene med ein konsert i Nordfjordeid kyrkje. Dei neste tre dagane var Kjeldsund leirstad base, der vi fekk litt kvalitetstid, både musikalsk og sosialt. Tord ankom torsdag, og etter eit par akkordar gledde alle seg endå meir til innspelinga. Tradisjon tru inneheldt opphaldet på Kjeldsund også mykje god mat, ein flott tur til laguna, og vassleik. I eit sjøslag, som det sikkert vil bli laga spel om i Herøy, mellom tenor/sopran og alt/bass, kunne det gått gale for dirigenten, men heldigvis tok ein ung tenor til vettet og livredda han i land.
Fredag pakka vi oss ut av Kjeldsund og skulle ha ei lite turnèrute via Stordal og Sæbø, før vi skulle ende opp i Volda og plateinnspeling. Det var eit tett planlagt skjema, som belaga seg sterkt på effektive konsertar og at vi nådde ferjene. Dessverre heldt det ikkje lenger enn til første konsert i Stordal. Ei fullstendig tettpakka kyrkje i anledning kulturfesten Kyrkjehola Kulturbeite, gjorde oss litt euforiske og konserten litt lang. Dette resulterte i ei vill biljakt mot ferjeleie. Vi rakk ferja, på bekostning av formannen sine bremser, men grunna lang kø, kom berre halvparten av SKRUK-bilane med. Resten heiv seg så i bilen att, og tok til på ei ny, og betydeleg verre biljakt, mot Solavågen, 7,3 mil unna. Og takka vere god fart, ingen politi på veiane, mykje bøn frå baksetet og Prots som heldt igjen ferja, rakk vi den så vidt. Difor kunne vi, 5 min før konsertstart, parkere bilen på Sæbø og troppe inn i ei godt fylt kyrkje.
Laurdagen var betydeleg mindre actionfylt. Med base på Helgatun hadde vi årsmøte og val. Vi rakk også litt øving før vi tok turen til Hornindal, i behageleg tempo, og konsert der. Kyrkja i Hornindal har spesielt bedt oss om å kome, og publikum der stilte også mannsterke. Både Prots og leiaren fekk tildelt ei potteplante før vi vende heim til Volda og pizzakalas hjå Ola.
Søndag til tysdag kveld var det innspeling av plate i Volda kyrkje. Vi hadde på tidlegare prosjekt jobba med musikarane Mats Eilertsen, Kenneth Ekornes, Tord Gustavsen og Kåre Nymark, men aldri i form av gruppa Nymark Collective. Erik Hillestad var som vanleg produsent og Alf Christian Hvidsten som vanleg teknikar. Det vart lange dagar i Volda kyrkje, med matpauser, kaffipauser og badepauser innimellom.
På onsdag og siste dag av samlinga, sto videoinnspeling på planen. Dette var dugnadsarbeid for koret og dei som hadde anledning til å delta, deltok. Jan Arne Wold frå firmaet Woldcam gav oss dette prosjektet gratis, og med han på slep, reiste vi rundt til ulike naturperler på Sunnmøre; Myklebustsætra, Alnes-sanden og Ålesund. Det vart ein maraton-dag, men dei få som heldt ut heilt til slutt, skal ha all ære, der dei putra i ein fiskebåt ut Brosundet, i vind og regn. Men vèret heldt nesten heilt inn og resultatet av filminga vart kjempeflott. Våte og kalde skildest vi for denne gongen.

15.-17. september – Turné på Sørlandet
September kom og ein busstur nedover Sørlandet stod på planen. Vi møttest først i Asker i Vardåsen kyrkje der vi song a cappella. Etter privat innkvartering i Oslo, møtte alle friske og raske til avreise laurdags morgon.
Åsmund og Tone hadde vore gode medhjelparar for styret denne gongen, så Arendal og Grimstad stod naturleg nok på programmet.
I Arendal vart vi godt mottekne på frikyrkja, med middag, kaker og kaffi. Vi heldt der eit ekstraordinært årsmøte, og Gina blei vald inn som ny styremedlem.
Etter ein tidleg, og veldig godt besøkt, kveldskonsert, bar det vidare til Grimstad. Der vart det litt meir mat før vi heldt konsert i den store trekyrkja der. Etter konserten fekk alle gatekjøkken i Grimstad ein markert oppsving i omsetning, før vi trøytte og mette la oss til ro på hotell.
Søndag var det tid for litt køyring igjen, og turen gjekk til Kristiansand frikyrkje. Der gjorde vi eit lite innhopp på gudstenesta og fekk kyrkjekaffi som belønning. Folk var veldig oppglødde etter gudtenesta, noko som lova godt for kvelden. Så prøvde vi litt oppstilling før bussen førte oss vidare på vår veg mot Lyngdal. Vi åt, vi song, vi selde plater. Siste konsert den helga var tilbake i Kr.sand frikyrkje. Kyrkjesalen der var rimeleg full og publikum meget entusiastiske.

27.-29. oktober – Lanseringskonsertar for plata Dype still sterke milde
I oktober var vår nye plate ”Dype Stille Sterke Milde” lansert. Lanseringskonsertane skulle haldast i Jakobskyrkja og vi gledde oss. Plata hadde allereie fått mykje skryt i aviser og frå kjende som hadde kjøpt den. I tillegg hadde vi denne helga også besøk av vår amerikanske ”agent”, Mark DeSaulnier. I forarbeid for vår Californiaturne, skulle han høyre oss live og ha ein del møter med styret. Helga starta friskt kl.05.00 på TV2 sitt studio på Karl Johan, der vi song på ”Go’morgen Norge”. TV-sjåarar fekk sjå nærare tjue entusiastiske skrukkarar, og ein mildt forvirra amerikanar, mime til playback. Seinare på kvelden møttest heile koret på Gardermoen, og tok turen til Askim og a cappella-konsert.
Laurdag møttest vi tidleg i Jakobskyrkja og øvde der. Litt mat vart det også før turen gjekk til Moss og siste a cappella-konsert den helga. Seinare på kvelden vart det upremiere på ”Dype Stille Sterke Milde” i Glemmen kyrkje i Fredrikstad.
Søndag var vi igjen tilbake i Jakobskyrkja der vi skulle vere heile dagen. Etter den siste finpussen, heldt vi to konsertar med ”Dype Stille..”

30. november – Konsert på Skaugum
DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessen inviterte til gjestebod og hadde spesielt bedt om SKRUK som underhaldning der. Dette takka vi sjølvsagt ja til, men hadde ikkje så god tid til organisering, då det skulle skje ei veke seinare. Ein hastig mail vart sendt til koret der dei som kunne stille raskt måtte melde seg på. Flybillettar måtte bestillast og sidan Slottet hadde eit budsjett på dette, måtte flyprisane vere så lave som råd. SKRUK mobiliserte raskt og ei veke seinare møttest ca. 30 songarar i Nordstand kyrkje for litt oppvarming og øving. Så bar det til Skaugum der strenge gardistar peikte oss hit og dit. Etter litt kongeleg karbonadebuffèt song vi for Kronprinsparet og gjestane deira. Mette-Marit vart så glad at ho inviterte oss på kaffi, og litt seinare spankulerte vi rundt i salongane på Skaugum og prata med gjestane.

2007

16.-18. februar – Øvings- og konserthelg på Sunnmøre
Første samling i 2007 var ei slags kombinert øving/generalprøve – helg. Vi hadde som mål å både øve inn noko nytt, ”fornorske” repertoaret vårt før USA – turen og å synge inn nokre vikarar som skulle vere med. Slik tradisjonen har vorte var vi på Sunnmøre i februarhelga.
Fredag møttest vi på Vigra og tok oss med privat transport til Godøy bedehus. Sonja hadde engasjert øya, så det vart både god mat og godt oppmøte. Laurdag stod øving på programmet og det var Magnar Åm som svinga dirigentpinnen. Vi hadde igjen lokka han til gå i ”ferdig opptrakka spor”, så han kom med eit rykande fersk arrangement på ”Å, var eg meir deg Jesus lik”. Og utover dagen demra det for oss at dette kunne bli ein ny hit. Han hadde i tillegg med ein kyrie av eigen produksjon. Vi avrunda dagen med ein konsert i Volda kyrkje.
Vi fekk også ei god øvingsøkt på søndag før vi avslutta helga med konsert på Skodje, der ”Å, var eg meir..” var urframført.
Sidan dette hovudsakleg var ei øvingshelg med eit minimumsantal konsertar, nytta vi både privat overnatting, transport og sjølvhushald. Men det vart ikkje mindre hyggeleg av den grunn.

16.-29. mai – Turné i California
I mai var det tid for å bryte ny mark for SKRUK. I drøye halvanna år hadde det vore snakka om og planlagt tur til California, nærare bestemt Orange County. 16. mai flaug den første av tre puljer med skrukkarar over Atlanteren. Og då den siste ankom, 18. mai, starta ei konsertrekke på 10 konsertar og 3 innslag på gudstenester, fordelt på 10 dagar. Målt i respons frå publikum vart det stor suksess der borte. Det vart både tårer, vitnesbyrd, spontanapplaus og lovord i etterkant.
Ellers var det gode dagar heime hjå familien Bergheim der vi både budde og godt og åt godt. Leigebilar gjorde oss ganske mobile og mange nytta fritida til m.a. shopping, strandtur og konsertar. Turen vart ei stor oppleving.

15.-18. juli – Sommarsamling og Moldejazz
Sidan vi hadde ei lang samling i utlandet i mai, vart sommarsamlinga kutta veldig ned. Hovudformålet var Moldejazz i samspel med Nymark Collective og vårt felles barn, ”Dype Stille Sterke Milde”. Men Magnar Åm ville også ta ein tur og minne oss på kva vi sang i februar. Vi møttest søndag kveld og heldt konsert for ei godt besøkt Vestnes kyrkje. Så spaserte vi ned til Vestheim ungdomssenter der vi skulle bu på samlinga.
Måndag øvde vi litt på morgonen før vi hadde årsmøte og val. Jorunn og Kari gjekk ut av styret og Solve og Tone vart valde inn. Lars Trygve vart gjenvalt for eit år til. På kvelden dukka Tord opp og vi øvde nokre timar før det vart grilling og generell kos.
Tysdag reiste vi tidleg over til Molde der det vart lydprøver, øving med Nymark Collective og konsert for ei fullsett domkyrkje på kvelden. Onsdag fekk vi ein heil dag øving med Magnar før vi reiste over til Molde på kvelden, og avslutta samlinga med nok ei full kyrkje.

21.-23. september – Konserthelg i Rogaland med Nymark Collective
Det gjekk ikkje lang tid før vi igjen fekk sjå Tord krumme nakken over tangentane. Med god hjelp frå kulturhussjef Bjørn Holum fekk vi kulturhus til å kjøpe konserten.
Fredagen tok vi først turen til Undheim kyrkje der vi sang vårt a cappella – repertoar. Størsteparten av oss overnatta så på Solborg folkehøgskule, medan resten budde privat. Så gjekk turen til Suldal kulturhus laurdag morgon. I Suldal feira dei 5 – årsjubileum med kaker og kaffi, så det vart ei lita økt med gøyme og leite (gjemsel) mellom leiar og kor, før vi fekk samla gjengen til eit lite allmøte. Etter kvart kom Nymark Collective og vi fekk friska opp både musikken og samtalen. Sidan konserten var kjøpt og betalt hadde det ikkje så sei kor mange som kom, men det var likevel kjekt å synge for ein full sal.
Det vart ei ufrivilleg pause på ferjeleiet på veg tilbake, noko som gjorde at vi kom for seint til kveldens siste konsert i Jørpeland. Leiaren frykta det verste og såg for seg feite overskrifter i lokalavisene. Men publikum sat lydig å venta då vi kom og resultatet vart ein av dei bedre konsertane vi har helde på år og dag.
Søndag var vi heile dagen i Sandnes kulturhus, der vi tok nokre pressebilder, åt pizza og øvde. Helga vart så krona med ein fullspekka sal før vi sa takk og farvel for denne gang.

9.-11. november – Konserthelg i Oslo-området
I november var det lagt opp til eit tett program med 5 konsertar og ei gudsteneste. Turnéruta vart lagt opp i køyreavstand frå Oslo, slik at folk kunne bu privat der.
Første stopp på mjølkeruta var Sofiemyr kyrkje i Kolbotn, fredag kveld. Så, etter passe med søvn, gjekk turen nedover vestsida av Oslofjorden, til Stavern. Der fekk vi tid til litt øving, før vi fekk mat og heldt ein ettermiddagskonsert i deira nye kyrkjesal/gymsal. Vi sette oss i bussen igjen og rakk knapt å ete ein banan før vi var framme på neste konsertplass, Sandefjord kyrkje.
Søndag møttest vi i Oslo Østre frikyrkje. Der sang vi på gudstenesta, fekk pølser og kaker på kyrkjekaffien, og heldt ein ettermiddagskonsert. Vi fekk også eit besøk av Erik Hillestad som fortalde litt om neste plateprosjekt. Siste stopp i helga var Ullensaker kyrkje på Romeriket, eit steinkast frå Gardermoen.

2008

8.-10. februar – Øvings- og konserthelg på Sunnmøre
Året tok til med ei samling på Sunnmøre, noko som må seiast å vere ein tradisjon. Helga var lagt opp som ei øvingshelg med fokus på å fornye repertoaret, så antal konsertar var difor redusert til ein per dag, slik at vi skulle få nok tid til øving.
Vi starta på fredag med konsert på Vigra. Laurdag tok vi turen til Sykkylven der vi øvde heile dagen og avslutta med konsert i Sykkylven kyrkje. Søndag vart det ein full dag med øving i Spjelkavik kyrkje og ein godt besøkt konsert der på kvelden. Alt i alt vart det ei fin helg, sjølv om vi kanskje ikkje fekk inn så veldig mykje nytt materiale. Men vi fekk polert litt på ”Å, var eg meir deg Jesus lik” og gjeninnført Ward Swingle sin ”Deg å få skoda”.

4.-6. april – Konserthelg i Hordaland
I april var det på tide å ta turen over fjellet, nedover kysten eller oppover kysten, alt etter kor folk bur i landet. Bergen var målet og koret var SKRUK, fulle var kyrkjer så syng alle mann. Tone stod nesten egenhendig for planlegginga av turen, sidan det vart litt omrokkeringar i styret i februar, og ho hadde lagt opp ei flott helg for oss.
For å komme i den rette stemninga la vi opp til å ha dårleg tid heilt frå starten av; første konsert var på Stord og vi måtte rekke ferja. Og når vi kom fram var det rett på konsert.
Etter ei natt med overnatting hjå lokalbefolkninga, og sølv metallic sengetøy for underteikna, vart det ferja tilbake og ein god køyretur til Radøy, nord for Bergen. Der vart det øving, eit kort allmøte og tidleg kveldskonsert i Manger kyrkje, før det bar tilbake til Bergen. Kvelden vart avslutta med ein konsert i Korskirken i Bergen sentrum og vi innlosjerte oss på Åsane folkehøgskule.
Søndag hadde vi del to av helgas annonserte allmøte. Tema var ein ny tur til California og bakgrunnen for møtet var at styret ikkje ville gå vidare med planlegginga av turen før allmøtet hadde vedteke det. Det vart dermed stemt, turen vart vedtatt og stemninga var høg. Etter middag på Åsane fhs. gjekk turen til Skjold kyrkje og ein godt besøkt konsert, noko som også vart det siste SKRUK gjorde saman i april.

23. juli til 3. august – Sommarsamling og innspeling av plata Misa Campesina / Messe for Kari og Ola
Sommarsamlinga i 2008 vart vel det Grandiosa-konsernet kallar ”Full pakke!”. I løpet av 12 dagar skulle vi øve inn nytt materiale, spele inn plate, halde 7 konsertar med to forskjellige repertoar, reise over 65 mil i buss og bytte overnattingsstad 4 gonger. Men det gjekk på eit vis, og der planlegginga kanskje minna om ungdommeleg overmot, vitna gjennomføring om stor stå-på-vilje og proffe aktørar.
Samlinga starta roleg på Rjånes ungdomssenter i Ørsta med øving og sveler. Sidan denne kvelden var frivillig oppmøte var vi ikkje fulltalige, men øvinga kom godt med. Ut over fredagen seig stadig fleire til og på kvelden kunne eit fulltalig SKRUK synge konsert i ei fullstappa Ørsta frikyrkje. Resten av laurdag øvde vi på Misa Campesina, medan veret på Sunnmøre viste seg frå sitt mest lekre. Heldigvis veit Prots å gi oss pauser, så badeshortsen rakk sjeldan å bli tørr. Det kan også nemnast at vi fekk ein strålande tur til Raudøya på kvelden, med grilling og bursdagskake til SKRUK (35 år).
Søndag gjekk vi over i del to av samling og flytta basecamp til Volda kyrkje. Der møtte vi Alf Christian, Erik og Katia Cardenal. Innspelinga gjekk stort sett etter skjema og likna veldig på tidlegare innspelingar; måltid på Uppheim, overnatting på Helgatun, bading i småbåthamna, snoping på Bunnpris og grundig lesing av sportssidene i 2.tenor. Onsdag kveld var det meste i boks og det heile vart feira med kinamat.
Tidleg torsdag morgon var det tid for 3. etappe av den store styrkeprøva. Vi la i veg med privatbilar til ferjekaia på Vestnes. På Molde stod Tore Bergheim, alias Kaptein Raudskjegg, klar med buss og frakta oss vidare til Trondheim og Vår Frues kyrkje. Vel framme bar det rett på lydprøve med Nymark Collective på ein scenerigg som truleg var meint for ein kvintett. Men det gjekk på eit vis og etter litt mat og nokre timar med avslapping heldt vi ein sein kveldskonsert på Olavsfestdagane med ”Dype Stille”.
Vi overnatta på Øya v.g.s. utanfor Trondheim og gjorde neste morgon litt sein for å få kvilt ut litt. Litt ut på dagen rulla bussen nedover mot Soknedal kyrkje i Midtre Gauldal der neste konsert skulle vere. Og etter laupskaus og konsert der drog vi nordover til Orkdal og heldt ein kveldskonsert. Vi vart ei natt til på Øya.
Laurdag takka vi for oss i Sør-Trøndelag og vendte bussen vestover. Første stopp tilbake i Møre og Romsdal var Stangvik kyrkje i Surnadal. Der fekk vi servert både god mat og lokal folklore på prestegarden, og begge deler slo veldig godt an. Vi heldt ein ettermiddags-konsert der før vi drog vidare sørover til Sunndalsøra og ein kveldskonsert der i Hov kyrkje. Vel overstått køyrde vi til Høgtun folkehøgskule i Torvikbukt og overnatta der.
Søndag var siste dag av samlinga og SKRUK hadde no blitt redusert til eit mannskap på 35 songarar. Siste stopp var Elnesvågen i Fræna kommune. Der fekk vi besøk av Olav Bergheim med fru under middagen og mange bjørneklemmar vert delt ut. Konserten vår i Myrbostad kyrkje vart veldig godt besøkt og vi skilde lag etter ei særs innhaldsrik samling.

17.-19. oktober – Konserthelg på Møre
I oktober var det duka for nok eit attsyn med Kåre Nymark og hans trufaste. Hareidsstemnet hadde gjort forsøk på å hente oss tidlegare og no låg alt til rette. I tillegg drista vi oss til å arrangere ein konsert med ”Dype Stille” sjølve, og valde difor Molde domkyrkje i håp om at stemninga frå Moldejazz framleis satt i husveggane der.
Helga starta med ein a cappella-konsert i Brattvåg kyrkje. Heile laurdag var vi i Molde der vi øvde, rigga lyd og lys, hadde lydprøve og heldt ein konsert på kvelden. Så bar det tilbake til Sunnmøre på kvelden.
Søndag var det altså Hareidsstemnet sin tur. Vi kom dit ut på dagen og øvde litt på julerepertoaret vårt. Så vart det eit godt måltid med brensnut før lydprøve. Kl. 17 gjekk teppet opp for ein veldig godt besøkt konsert på Hareidsstemnet, noko som også avslutta helga vår.
Elles hadde vi denne helga besøk av Mark DeSaulnier igjen. Ein komité oppnemnt av styret hadde samtalar og møter med han for å planlegge strategien vidare i planlegginga av turen til California.
Det bør også nemnast at vi klarte oss med privat overnatting denne helga. Dette er ein god måte å halde utgiftene nede, men også ei fint høve til å bli betre kjent med folk på. Så takk til alle som opna heimen sin!

5.-7. desember – Førjulskonsertar på Austlandet
I desember var det tid for å børste støv av gamalt repertoar og nedstøva tradisjonar. Det var no ei stund sidan vi hadde hatt julekonsertar og særskild i Oslo. Vi fekk også ein gamal samarbeidspartner med på laget: Via Travel.
Første konsert var på Årnes fredagskvelden. Julesongane satt kanskje ikkje som ei kule, men det lovde bra for resten av helga. Laurdag heldt vi først ein tidleg konsert i Vardåsen kyrkje i Asker før vi drog inn til Oslo og Fagerborg kyrkje. Her hadde Via Travel kjøpt eit visst antal billettar, medan vi fekk selje resten. Konserten vart godt besøkt, så opplegget må seiast å vere vellukka for oss.
Styret i SKRUK hadde styrt litt i kulissene og overraska koret med julebord og tapas etterpå. Stemninga var stor og det vanka talar til både kvinner og menn.
Søndag tok vi oss råd til ein lang morgon før vi møttest i Skårer kyrkje i Lørenskog. Også denne konserten vart godt besøkt så helga oppsummert gav meirsmak og smak av jul.

2009

6.-8. februar – Konserthelg i Mjøs-distriktet
Årets første samling gjekk til området kring Mjøsa, kledd i vinterskrud. Forutan eit passeleg antal konsertar var målet vårt å snakke litt om California og å ta til på å øve inn nytt repertoar med Tord.
Vi starta helga med oppmøte i Strøm kyrkje i Skarnes før vi innlosjerte oss på Mesnali leirsenter på Sjusjøen. På laurdag heldt vi to konsertar; i Gjøvik kyrkje og i Lillehammer kyrkje. Kvelden vart avslutta med eit hyggeleg besøk til familien Honningsvåg si hytte på Sjusjøen. Der åt vi god mat og song gamle songar halvparten av oss ikkje kunne. Siste konsert for helga var i Hamar domkirke. Vi song vårt a cappella-repertoar på alle konsertane.
Forut for helga var styret i hektisk mailkontakt med kvarandre og med Mark DeSaulnier og Olav Bergheim i California. Finanskrisa hadde nådd SKRUK og fått konsekvensar for vår komande turné der borte. Fleire kyrkjer der borte, som allereie hadde meldt si interesse, tenkte seg no om på nytt og var skeptiske til å garantere inntekter. Saka vart difor tatt opp på eit allmøte i koret.
Søndag tok Tord Gustavsen seg fri frå å vente på sin førstefødde for å øve med oss. Med seg hadde han utkast til eit nyskrive Requiem som Canal Street i Arendal hadde bestilt. Han kom, vi song og alle likte det dei høyrte. Så då var det berre å gle seg til sommaren.

24.-26. april – Konsert- og øvingshelg i Oslo-området
I april vart det meir seriøs øving på Tord sitt Requiem, og for å gjere det enkelt, heldt vi oss i nærleiken av der Tord bur. Oslo var altså basen vår, og med fokus på øving tok vi oss berre tid til tre konsertar.
Tradisjon tru starta vi med ein konsert, og denne gongen i Ski kyrkje. Så bar det tilbake til vår private innlosjering i Oslo. På laurdagen var vi heile dagen i Konnerud kyrkje. Vår gode ven og sjåfør Tore Bergheim hadde formidla kontakt mellom SKRUK og kyrkja. Dei kjøpte ein konsert av oss og Tore sette opp gratis busstransport frå Drammen til Konnerud for dei som ville på konsert. Opplegget vart ein suksess og kyrkja fekk eit pent overskot på konserten. På søndag tok vi trikken til Nordstrand kyrkje. Vi song først postludium på gudstenesta før vi sang på årsmøtet til Nordstrand menigheit – alt som god reklame til konserten. Det hjelpte tydelegvis på, og vi song for fullt hus seinare på dagen.
På laurdag og søndag øvde vi med Tord i henhaldsvis Konnerud og Nordstrand kyrkje. Spesielt ”Kyrie” vart ein umiddelbar hit, og vart prøvd ut på konsertane på laurdag og søndag. I tillegg til å synge hadde vi også ein koseleg kveld heime hjå Jon og Elsa på laurdagen.

18.-23. juli – Sommarsamling på Sørlandet
Sommarsamlinga i 2009 var lagt til det blide sørland, i traktene kring Arendal. Der var vi leigt inn av Canal Street jazzfestival, noko som betydde at vi kom til dekka bord. Og sidan det vart lite reising hit og dit kunne vi leige oss inn på Eikely leirstad og invitere familien med. Invitert var også S. Carver Davenport frå New Orleans for å lære oss noko nytt. Vi hadde nemleg fått grønt lys frå Erik Hillestad til å gjere noko vi lenge hadde ønska; å spele inn ei plate med spirituals.
Vi møtte opp midt på dagen laurdag og brukte ettermiddagen på å samlast og å akklimatisere oss til det fuktige klimaet. På kvelden vart det også ei lett øvingsøkt med Carver. På søndagen fekk vi inn to gode økter med øving saman med Carver før vi heldt to konsertar i Grimstad og i Barbu kyrkje. Dei minste av oss (i alder og av vekst) fekk også prøvd ut nokre lekre trøbilar som Eikely hadde i garasjen, noko som falt i smak.
På måndag fekk vi øvd godt og lenge med Mr. Davenport. Han hadde som vanleg tatt med seg eit godt knippe med godlåtar, som han øvde inn med ei bestemt hand. Så i løpet av dagen vart det ropt på Elijah både ein og to gonger. På kvelden heldt vi den tredje og siste a cappella-konserten i regi av festivalen. Denne gongen i Lillesand kyrkje.
Tysdag morgon kom Tord slentrande inn på tunet på Eikely. Heile dagen gjekk med til å øve og terpe på Requiem, før vi på kvelden hadde hyggekveld med pølser og brus, m.m. Onsdag var tida inne for å urframføre verket. Sjølve scena var av det vanlege slaget, men at den var plassert på kyrkjegarden i Arendal, var både spesielt og spennande. Dagen gjekk med til øving med både Tord og ensemblet i Barbu kyrkje før det vart generalprøve på kyrkjegarden. Kl.21.59 var godt over 1000 menneske klare for å høre urframføringa av Tord Gustavsen sitt Requiem, deriblant Kronprins Håkon og Kronprinsesse Mette-Marit. Konserten vart bra og opplevinga på kyrkjegarden, i skumringa, med flaggermus som sirkla over publikum, vart noko heilt spesielt.
Torsdag skilde vi lag igjen, fulle av gode opplevingar og klar for nye, om ikkje så veldig lenge.

21.-23. august – Innspeling av plata Starry crowns in heaven i Vanylven kyrkje
At vi skulle spele inn ei ny plate i 2009 kom eigentleg litt bardus på oss, og var vel ein slags hestehandel (i positiv forstand) mellom SKRUK og KKV. I eit møte med Erik Hillestad, der han ville ha oss med på eit nytt prosjekt, vart det lagt fram eit motønske om ei rein korplate igjen. Det var ikkje ein dårleg idé og plate nr. 2?, ”Starry crowns in heaven”, vart til.
Koret møttest fredag kveld og hadde ikkje før møtt opp i kyrkja, så var vi i gang. Denne gangen var det i Vanylven kyrkje vi spelte inn plate. Med Volda kyrkje opptatt, måtte vi sjå oss om etter andre steinkyrkjer på Sunnmøre. Kyrkja i Vanylven vart då eit naturleg alternativ. Kyrkja er mindre enn Volda kyrkje, men med berre 40 songarar, var den akkurat passe.
Sjølve innspelinga var som innspelingar flest – hektisk. Plata vart til mellom kl.20.00 fredag og 20.00 søndag, noko som må seiast å vere bra gjort. Solveig Hildre stod for middagslaging og andre måltid gjekk på skift. Det lite vi fekk av søvn gjorde vi unna på Fjordly leirsenter i Bryggja.

18.-20. september – Konsertar og øving på Sunnmøre
September kom og vår andre tur til Sunnmøre vart gjennomført. Denne gangen vart det litt mindre stress og vi fekk sjå litt meir av denne vakre delen av landet. Eit lenge omtalt 150 års-jubileum i Ålesund kyrkje innleia helga.
Laurdag møttest vi til øving i Spjelkavik bedehus, der vi øvde inn konsertversjonar av nokre spirituals. Sidan gjekk turen til Ørskog og konsert i Sjøholt kyrkje, før vi avslutta dagen med konsert i Valldal kyrkje. Søndag prøvde vi oss på litt Sunnmørsk øyhopping, og tok turen ut til Harøy kyrkje og heldt konsert der.

4.-6. desember – Førjulskonertar i Oslo-området
I desember gjentok vi oppskrifta frå året før og heldt adventskonsertar i Oslo. Som i fjor fekk vi med oss Via Travel på laget, i tillegg til at vi fekk Sparebanken Møre til å kjøpe billettar til sine kundar. Også Konnerud kyrkje ville vere med på julestemningar og kjøpte sin andre konsert for året. Det økonomiske var difor delvis sikra på førehand.
Helga tok til med konsert i Konnerud. Dei hadde satsa stort og rigga til scene i kyrkjerommet. Dessverre vart ikkje publikumsoppmøtet like stort som sist vi var der.
Laurdag morgon øvde vi i Nordstrand menigheitshus. Der inntok vi også ein deilig julelunsj før vi rulla nedover mot Fagerborg kyrkje. Der heldt vi to konsertar som begge vart greitt besøkt.
SKRUK sin siste konsert denne helga, og i 2009, heldt vi i Hønefoss kyrkje. Eit trist faktum er at dette også vart ein av dei siste konsertane i kyrkja, som brant ned ein knapp månad seinare.

2010

12.-14. februar – Øvingssamling i Oslo
Utgangspunktet for denne samlinga var å øve på den nye plata, eller “Sufi-prosjektet” som vi då kalla det. Turen gjekk til Oslo, med øving i Jakob kyrkje. Tord kom med nyskrevne arr, og koret fekk treffe Mahsa Vahdat for fyrste gong.
Dag serverte god lunsj i lokala til Making Waves ved Akerselva. Laurdag kveld inviterte Kari oss heim til varm sjokolade og god kveldsmat. Fin avslutning på ein kald februarkveld. Sundag var det meir øving, og vi avslutta med acapellakonsert i Helgerud kirke på ettermiddagen.

23.-25. april – konsertar og 60-årsfeiring av dirigent Per Oddvar Hildre
Denne helga fylte Prots 60 år. Omlag 150 gjestar var invitert til stor feiring i Jakobs kirke, og mykje arbeid var lagt ned i forkant. lkkje minst var det viktig å halde gildet hemmeleg for dirigenten, som trudde koret skulle halde konsert denne fredagskvelden. Det han møtte var ei fullsett og festdekka kyrkje, med vener frå alle tidsepokar og miljø. Henning Sommerro dirigerte sitt eige arrangement, og heile festlyden stemte i bursdagssang idet Prots steig inn. Der var tidlegare SKRUK’arar, Ytre Suløen spelte, og vener frå mange andre kor, tidlegare kor, Kulturmix, musikarar, komponistar, familie og vener. Formann i SKRUK gjennom mange år Ketil Hjelset leia festen, og svært mange deltok med song, musikk, videomix, og Erik Hillestad heldt festtalen. Kvelden ebba etterkvart ut i nostalgisk korsang. Rart at SKRUK- klangen er den same, sjølv om songarane slutta for 20 år sidan. Det må ha noko med dirigenten å gjere. Stor takk til festkomiteen; Rita, Bjørn og Gina som hadde ansvar for kvelden, med god støtte frå Lars Trygve og Kirsten Ragnhild. Kjekt både å sjå og høyre at dirigenten sette pris på samlinga. Festlyden gav og uttrykk for stor glede over å få vere med på arrangementet.

Vidare denne helga hadde vi konsertar i Moss og Fredrikstad på laurdag, samt Lunner
(Hadeland) før heimreisa på sundag.

23.-30. juli – Sommarsamling med innspeling av I vinens speil og Olavsfestdagar
Samlinga starta i Volda med plateinnspeling av “Sufi-prosjektet”. lnnspelinga gjekk føre seg i Volda kyrkje som vanleg. Innkvartering skjedde privat og på Helgatun. Solveig Hildre har blitt korets faste kokk under plateinnspelingane, og Uppheim likeså restaurant og rekreasjonsområde.
SKRUK har stor rutine og konsentrasjon under innspelingane, heile tida under svært god leiing av Prots og Erik. Dette er formelen for vellukka innspelingar med SKRUK, og det utan å slite ut koret korkje fysisk eller mentalt. Lydmann Alf Kristian Hvidsteen er og sjølvskriven når SKRUK skal lage plate med god lyd.
Det er og nesten alltid fint vér denne veka i juli. Nokre spreke rekk eit bad i pausane, og vi andre kastar småstein og drikk kaffi.
Etter innspelinga gjekk turen til Trondheim med Tore Bergheim som bussjåfør. SKRUK deltok på Olavsfestdagane med Tord Gustavsen’s Requiem i Fruekirka. Vidare heldt vi a capellakonsert og deltok på salmekveld i Borggården. Salmekvelden vart sendt på P1 ein seinare sundag. I tillegg var SKRUK med på gudsteneste i Nidarosdomen.
Koret var innkvartert på Rødde Folkehøyskole i gode senger, og med fine forhold for fotball og frisbee.
Olavsfestdagane er profesjonelle og imøtekomande, og det er svært attraktive dagar å vere med på for SKRUK, både kva gjeld publikum og økonomi.

Jon Kjærstad, leiar august 2010 – juli 2012

22.-23. august – Urframføring av I vinens speil
Turen gjekk til Kristiansand med urframføring av plateprosjektet “I vinens speil” med Tord & Co , og Mahsa Vahdat som solist. Det var Kirkefestspillene i Kristiansand v/Jon Kleveland som hadde invitert. Koret reiste med buss til Kristiansand fredag ettermiddag til privat innkvartering. Dagen etter øvde vi fram til konserten i Kristiansand Domkirke. Etter konserten inviterte Erik og Strømmestiftelsen på triveleg terrassekveld med Shiraz-druer og snacks på Kristiansand’s tak. Ein minnerik kveld også for drosjesjåføren frå Iran , som spelte den nye plata i taxien resten av den kvelden.
Dagen etter vart det ein svært lang busstur frå Kristiansand til Gran på Hadeland, til suppe og konsert i Mariakirken; ei av dei to søsterkirkene frå I I 00-talet.

5.-7. november – Samling i Oslo
Turen gjekk til Oslo igjen, og gjennom helga samarbeidde vi med T ord Gustavsen. Vi møtte i Norstrand menighetshus på fredag ettermiddag til øving, og orientering om tur til Iran, frå styret og Erik Hillestad.
Kathrine og Nils Arne inviterte oss heim til Ekeberg på klippfisk med heimelaga potetstappe. Det var smak av himlin, og utsikta tilsvarande.
På laurdag var det konsert i Horten og Vestfossen Kyrkje saman med Tord. Vestfossen var ei fin oppleving, og bør inngå i SKRUK’s turnerute for framtida.
Sundag var det øving og lydprøve i Jakob med framføring av Requiem på kvelden. Etter konserten feira Tord 40 år, og heile SKRUK var invitert saman med mange andre gjestar; til sushi, druedrykk, mineralvatn og greier. SKRUK overrekte gåve til Tord i høve dagen.

2011

11.-13. februar – Konserthelg på Sunnmøre
Samlinga starta i Volsdalen kirke fredag kveld. Laurdag var det konsertar i Herøy kyrkje og Volda kyrkje, begge stader med programmet ”Starry Crowns”. Tilbake til Voldsdalen kirke på søndag. Der hadde Ålesund KFUK-KFUM teke sjangsen på ”I vinens speil” i høve deira 140-års jubileum. Erik Hillestad var óg med på konserten og festkvelden etterpå. Der var delte tilbakemeldingar etter konserten. Nokre meinte det var fullstendig feilslått opplegg å konsertere med dette programmet, medan andre syntes det var fantastisk og flott. Tord Gustavsen m/band var med på denne konserten.

13.-21. mai – Konsertar og kulturmøte i Iran
Det er svært mykje ein kan seie og skildre frå denne turneen, og den vil bli omtalt som ein av dei store opplevingane i SKRUK’s historie. Ikkje minst grunna dei spesielle høva vi turnerte under. Prosjektet og turen er grundig omtalt i jubileumsboka.

23.-30. juli – Sommarsamling på Kjeldsund
Sommarsamlinga starta på Kjeldsund i tradisjonell stil som familiesamling med kjent innhald. Vi hadde ein konsert i Leikanger kyrkje på torsdag, før vi reiste vidare til Orreneset som base for siste del av samlinga. Konsertar i Geiranger og Sylte kyrkje på fredagen. På laurdag var det konsertar på Nordfjoreid og Hellesylt. På søndag var det middag på Fjellstua på Aksla siste konsert i Ellingsøy kyrkje. Sommar-turnéen starta like etter dei tragiske terroråtaka 22. juli. SKRUK markerte dette på ein enkel måte under konsertane, ved å introdusere ein ny song på repertoiret ”Kjärlekens tid”, av Ylva Eggehorn / Benny Andersson. Prots knytte denne songen til hendinga veka før, med nokre ord i starten på kvar konsert.

23.-25. september – Haustturné i Hordaland
Fitjar var først ut fredag kveld med privat overnatting. Neste dag var det konsertar i Austrheim og Nygård kirke. I Nygård hadde vi også et kort korseminar med det lokale tensing-koret som også deltok på konserten. Her var det også privat innkvartering. Siste konsert var i Skjold kirke på søndag.

2.-4. desember – Førjulskonsertar på Møre
Vi starta i Ålesund kirke fredag. Etter privat overnatting var det konsertar i Hareid kyrkje og Ørsta frikyrkje. Vi avslutta med konsert i Molde domkyrkje.

2012

10.-12. februar – Konserthelg på Austlandet
Årets første samling starta opp i Holter kyrkje i Nannestad. Laurdagen var det konsertar i  Askim kirke og i Mortensruds kirke. På søndagen deltok vi på Bibeldagen 2012 i Trefoldighetskirken i Oslo. Der var det kveldsmesse kl 19.00 med SKRUK som ein hovudattraksjon. Talar var Per Arne Dahl, og skodespelar Nils Arne Oftebro vart intervjua om si tru og relasjon til Bibelen, både privat og i arbeid.

25.-27. mai – Pinseturné på Møre og feiring av 60-årsdagen til Henning Sommerro
Vårturnéen vart i år ei sein samling og blei lagt til pinsehelga. Turen gjekk til Romsdal og Nordmøre, via Sunnmøre. Det var det tradisjonelle a capella-programmet, og fredagskonserten var i Skodje kyrkje. Her hadde den næraste naboen funne det for godt å spreie naturgjødsla si på marka ovanfor kyrkja den same dagen, men med unntak av eit par tilfeldige vinddrag slapp vi heldigvis at det sette sitt preg på konserten, anna enn i luftepausen. Rett nok måtte kappa luftast litt ekstra etter denne turnéen. På laurdag var det konsertar i Vågøy kyrkje i Fræna kommune og Kirkelandet kyrkje i Kristiansund. På søndag deltok vi på Henning Sommerro sin 60 årsdag i Surnadal. Her deltok artistar og kunstnarar frå fjern og nær.

22.-28. juli – Sommarsamling med turné innom Sverige
Denne sommarsamlinga var lagt til Solbukta Ungdomssenter i Gressvik rett utanfor Fredrikstad. Samlinga var delt i to med kos, hyggje og øving dei første dagane og ein konsert-turné i den siste delen. Etter eit par oppvarmingskonsertar i nabolaget; tysdag 24.juli i Asak Kyrkje i Halden og Østre Fredrikstad Kyrkje, byrja turnéen for alvor onsdag 25.juli med konsert i Drøbak Kyrkje på ettermiddagen og Tune Kyrkje på kvelden. Vi var velsigna med både sol og mykje publikum overalt der vi fór. I Drøbak var det faktisk så fullt at ikkje alle kom inn, og også nedover i Østfold vart vi litt overraska over det gode oppmøtet på konsertane i sommarvarmen, men vi kom til den konklusjonen at det var hyttefolket og turistane som var med på å fylle opp benkeradene. Deretter gjekk turen vidare over grensa til idylliske Ramsvik i Bohuslän. Der la vi oss inn på ein triveleg campingplass som skulle være basen for resten av samlinga. Torsdag 26.juli hadde vi konsert i Smøgen kirke. Fredagen gjekk turen sørover forbi Gøteborg til Varbergs kyrka. Vi avslutta samlinga med konsert i Lysekil kirke. Ei svært vellukka sommarsamling

Solve Sæbø, leiar august 2012 – januar 2014

12.-14. oktober – Konserthelg på Austlandet
Den første haustsamlinga gjekk føre seg på søre austlandet, på alle sider av Oslo- fjorden. Det heile starta i Østenstad Kyrkje, i Asker på fredagskvelden. Programmet var acapella, og konsertane laurdag var i Larvik kirke. På søndagen var det konsert under Kulturdagane på Ås i regi av mellom anna Lions Club og Ås menighet. Gledeleg var det at Ås si store steinkyrkje vart fylt til randen av publikumararar.

30. november til 2. desember – Førjulskonsertar på Austlandet
Juleturnéen starta i Ullensaker kirke på fredagskvelden. På laurdag var det oppmøte i Vardåsen kyrkje ved lunsjtider for litt øving, risengrynsgraut og konsert. Deretter stod Bøler kirke for tur. På søndag deltok vi i gudsteneste i Fagerborg kirke og før konserten kl 1800 var det tid for julehygge for koret. Da samla vi oss i menighetshuset til Fagerborg for å ta inn store mengder pinnekjøt og rabbestappe.

2013

8.-10. februar – Øvingssamling på Sunnmøre
For fyrste gong i SKRUK si (til då) 40 år lange historie vart ein konsert avlyst på grunn av sjukdom. Fredag 8. november var det planlagt konsert i Herøy Kyrkje i samband med 10 års jubileet for den flotte kyrkja der, men slik skulle det altså ikkje gå. På grunn av stort sjukdomsforfall blei det bestemt at det ikkje var musikalsk forsvarleg å gjennomføre denne konserten. Resten av helga gjekk som planlagd utan fleire avlysingar, for det var berre øving på songane frå katakombane som stod på programmet. Øvingane gjekk føre seg i Spjelkavik Bedehus.

13.-21. april – Innspeling av plata Sangen fra Katakombene i Tyrkia
Det var nok med lett spaning mange av oss sette oss på flyet til Istanbul laurdag 13.april. Den tragiske situasjonen i nabolandet Syria på denne tida gjorde sitt til at turen til Aust-Tyrkia, og til klostera nær grensa til Syria, slett ikkje kunne samanliknast med ein vanleg sydenferie.  Det å trø gongane i dei eldgamle kyrkjene og klostera frå 300 talet, og syngje songar som vart tonesett av dei tidligaste kristne og ikkje minst å syngje Herrens bøn på Arameisk sette sterke inntrykk i oss. Innspelinga gjekk føre seg i klosteret Mor Gabriel. Prosjektet og turen er grundig omtalt av Erik Hillestad i jubileumsboka.

2.-4. august – Sommarsamling i Førde
Sommarsamlinga vart lagt til Førde og Safiren (Førde kyrkjetun). Her skulle det øvast på det stoffet som var innspelt i Tyrkia med tanke på platelanseringa i november. Samlinga vart lagt til Førde for ein grunn: det var kort avstand til Walaker Hotel i Solvorn ved Sogndal der Fredrik Mork Håskjold feira 60 årsdag. Vi overraska jubilanten der på fredagen, noko som vart ein stor suksess. Som takk for bruk av kyrkjetunet heldt vi ein a cappella konsert med innslag frå katakombane i Førde kyrkje på laurdagen.

20.-22. september – Turné på Sørvestlandet og deltaking i Fartein Valen-festivalen
Helga starta med konsert i Jørpeland kirke på fredagskvelden. På laurdag var vi invitert til å halde konsert i Vår Frelsers kirke i Haugesund som ein del av programmet på Fartein Valen-festivalen. På søndag deltok vi i gudsteneste i Valestrand kyrkje for deretter å bruke kyrkja som øvingslokale fram til avreise.

1.-3. november – Plata Sangen fra Katakombene blir lansert i Oslo
I november var platelansering i Kulturkirken Jakob. Den første planen om å få Yoakin floge inn frå Tyrkia i lag med andre munkar gjekk dessverre ikkje, så då vart det henta inn eit knippe syriakarar busette i Sverige til å vere med på konserten. Tanken var å sy saman ein konsert som minna om liturgien i ein syriakisk gudsteneste med song av SKRUK i mellom den syriakiske vekselsongen. Dette fungerte særs bra etter litt øving med ungdomane frå Sverige. Yuhanes Kurt viste seg å vere ein særs god songar og erstatning for Yoakin.

Det var fullstappa kyrkje da lanseringskonserten gjekk føre seg søndag 3. november, og prominente syriakiske gjestar var òg til stades.

2014

Jørgen Honningsvåg, leiar februar 2014 – juli 2015

7.-9. februar – SKRUK sitt 40-årsjubileum
I samband med at SKRUK feira 40 år i 2013, vart februarsamlinga brukt til ei større markering der totalt 105 songarar, nye som gamle, vart samla på Sunnmøre. Fredag 7.februar heldt noverande SKRUK ein konsert i Brattvåg kyrkje, og laurdag morgon møtte dei gamle opp i Ålesund kyrkje for øving til jubileumskonserten. Det vart jubileumsmiddag på Devold Fabrikker i Langevåg. Søndag vart vi igjen samla i Ålesund kyrkje til øving og jubileumskonsert. Ei flott oppleving for nye som gamle!

1.-4. mai – Turné til Hallingdal
Denne helga hadde vi store planar om å reise til Amsterdam, men det viste seg etterkvart å bli for dyrt. I staden vart det turné oppover Hallingdalen med konsertar i Lillestrøm, Sofienberg, Hol Gamle kyrkje, Hemsedal, Lærdal og Fjell kulturkirke i Drammen.

29. juni til 6. juli – Sommarsamling og møte med det gassiske militærkoret LOVA
Sommarsamling dette året vart ei innhaldsrik samling. Den første dagen var det konsert i Glemmen kirke i Fredrikstad for Glommafestivalen. Dagen etter møtte vi militærkoret LOVA frå Madagaskar på Operataket. NRK og TV2 var der for å dokumentere vårt første møte der dei kom syngande og roande inn til land i gassiske trebåtar ”heilt frå Madagaskar”.
Tysdag og onsdag blei brukt til øving både med LOVA og aleine. Torsdag var det duka for to konsertar med Anders Rønningens verk ”Guds Drøm” med SKRUK og LOVA saman med musikarar og strykekvartett i Oslo Domkirke. Med to fullsette kyrkjer blei dette ei minneverdig oppleving for både publikum og medverkande.
Fredag var det konsertar i Askim og Drøbak kirke. Laurdag sto Gjerpen og Fredriksvern kirke for tur. På søndagen vart det laga ein promovideo til ”Sangen fra katakombene” i regi av Erik Hillestad og KKV.

1.  august – Olavsfestdagene feirar Kirkelig Kulturverksted
SKRUK deltok på feiringa av KKVs 40 års jubileum under Olavsfestdagane i Trondheim. I tillegg til SKRUK var Henning Sommerro, Bjarne Brøndbo, Sigvart Dagsland, Mahsa Vahdat, Mari Boine, Maria Solheim, Solfrid Molland, Helge Førde, Jarle Førde, Karoline Krüger, Rim Banna (døde i 2018) og Sondre Bratland med, under musikalsk leiing av Tord Gustavsen. Prots var konferansier. På kort varsel møtte 30 SKRUKarar opp – imponerande!

22.-24. august – Innspeling av plata Høgtidsrom i Tøyenkirken
Beate Slettevold Lech frå Volda ville gjerne ha med SKRUK på si juleplate «Høgtidsrom» og sjølv om dette var utanom dei faste samlingane vart omlag 40 koristar med på plata. Innspelinga skjedde i Tøyen kyrkje med musikk som var innspelt på førehand av Andreas Bye på trommer, Andreas Ulvo på tangentar og Marius Reksjø på bass. ”Høgtidsrom”, blei ei flott og annleis juleplate med et godt potensiale for julekonsertar, og blei omtala slik i Aftenposten: “Betagende vakkert lydbilde – en plate som smyger seg innpå deg og som til slutt fanger deg i sitt grep”.

19.-21. september – Haustsamling i Bergen
Denne helga reiste vi til Bergens-området for å konsertere med ”Sangen fra katakombene”. Vi fekk besøk av tilsette og frivillige frå den Syriakiske kyrkja i Örebro og Biskop Saliba frå Tyrkia, og gjorde konsertar saman med dei i Myking kyrkje, Foldnes kyrkje, Johanneskyrkja og Skjold kyrkje. I tillegg deltok vi også på gudsteneste i Bergen Domkyrkje. Denne turneen vart sponsa av Stefanusalliansen som ein del av plateprosjektet. Denne helga hadde vi også besøk av Mark DeSaulnier og Terrence Kelly frå Oakland Interfaith Gospel Choir, for å planlegge eit potensielt samarbeid på Moldejazz i 2015.

4.-7. desember – Førjulskonsertar med Beate Lech på Austlandet
I samarbeid med KKV vart det arrangert konsertar saman med Beate S. Lech og «Høgtidsrom» i Kulturkirken Jakob, på Rådhusteateret i Ski, i Jeløy kirke og i Ullensaker kirke. Oppmøtet vart dessverre ikkje så godt som vi hadde håpa, men dei som kom var strålande fornøyd og plata og konserten fekk gode tilbakemeldingar frå publikum og kritikarar.

2015

6.-8. februar – Møte med syriakiske kristne i Örebro
Årets første samling vart ein liten turné til Sverige med repertoaret frå “Sangen fra katakombene». Fredagen møttes vi i kapellet til Høgskulen i Staffeldtsgate i Oslo for å øve og laurdag gjekk turen til Santa Maria Syrisk-Ortodokse kyrkje i Örebro der vi hadde konsert om kvelden. På søndagen deltok vi på gudstenesta og besøket vart avslutta med middag i Den Syrianska Kulturföreningen.

1.-3. mai – Vårsamling på Austlandet
Også dette året vart det jobba med ein tur til Amsterdam, men nok ein gong vart planane droppa på grunn av høge kostnadar. I staden vart det ein turne austafjells.
Vi starta med konsert i Asker, før turen gjekk til Lillehammer kyrkje og Seegård kyrkje i Snertingdal på laurdag. Vi budde på Gjøvik folkehøgskole og hadde eit lite korseminar med elevar der på søndag, og dei fekk delta på konserten vi hadde i Musikkens hus på ettermiddagen.

13.-16. juli – Moldejazz og møte med Oakland Interfaith Gospel Choir (OIGC)
Det vart ei kort, men innhaldsrik sommarsamling dette året. Jazzfestivalen i Molde hadde invitert SKRUK og OIGC til å ha kyrkjekonsertar i Molde domkyrkje, og allereide før påske var 3 konsertar utseld. Tidlegare på sommaren blei det sendt ut notar og øvingsfiler på potensielle fellesnummer, og mandag kveld møtte koret opp i Valderøy kyrkje for å øve.
På tysdag kom OIGC til Molde, direkte frå Montreux og København, og var naturlegvis noko trøytte mot slutten av ein Europa-turné, men det viste seg å vere ein fantastisk gjeng av opne og inkluderande menneske. OIGC-dirigenten, Terrance leia delar av øvinga, og fekk vist oss korleis dei syng gospel. Prots fekk også vist korleis vi i SKRUK syng vår musikk og vi skjønte at dette kom til å bli ein god match. Konsertane vart tatt svært godt i mot av publikum og draumen om ein gjenvisitt til Oakland begynte å ta form.

Ole Mathis Lystad Grimstad, leiar august 2015 – juli 2016

31. oktober til 9. november – Tur til Ecuador
Svært mykje hadde skjedd med landet Ecuador på dei 23 åra som var gått sidan SKRUK vitja landet sist. Altiplano-musikaren Stalin Gonzalez hadde i lengre tid jobba for å få til ein turné, og denne hausten vart reisa gjennomført.
Denne turen er grundig omtalt i jubileumsboka.

4.-6. desember – Førjulskonsertar på Austlandet
Fredag kveld brukte vi til øving i Oslo Vestre frikyrkje på Bislett. Laurdag hadde vi to konsertar. Først i Årnes kyrkje og på kvelden var vi attende i Vestre frikyrkje for konsert. Søndag hadde vi føremiddagskonsert i Konnerud kirke i Drammen før vi avslutta i Ås arbeidskyrkje.

 

2016

Sunnmøre 10.-12. februar
Denne helga hadde vi sett av til ein del øving. Vi skulle ha samarbeid med Vocal Divas frå Cuba i april, og brukte ein del av helga til å ”krøkke” oss gjennom tildels intrikate salsarytmer.
Vidare var det no klart at vi skulle delta på Moldejazz denne sommaren også, så det gamle SKRUK/Vårsøgstoffet måtte pussast støvet av.
Nokre nye songarar hadde blitt inviterte til prøvesynging denne helga.
Vi starta med konsert i Valderøy kyrkje fredagskvelden.
Laurdag øvde vi på Ørsta bedehus heile dagen.
Søndag deltok vi på gudstenesta i Ørsta frikyrkje, før vi kryssa kommunegrensa og gjorde oss klare til ettermiddagskonsert i Volda kyrkje.
Ansvarlege for helga var Arnulf og Ole Mathis.

Sunnmøre 15.-17.april
Vi starta denne helga også med ein fredagskonsert, og no var det Hareid kyrkje som stod for tur.
Laurdag øvde vi på Sunnmøre folkehøgskule i Ulsteinvik og fekk også møte Vocal Divas for første gang. Dei gav oss endå grundigare innføring i salsaen sine uransakelege vegar, både gjennom song og dans.
Søndag starta vi med lydprøve i Fosnavåg konserthus, der vi hadde konsert om ettermiddagen.
SKRUK starta med ei avdeling først, før Vocal Divas tok over og presenterte noko av sitt stoff,  før vi  framførte fellessongane til slutt.
Helgeansvarlege var Ole Mathis og Vegard.

Moldejazz 17.-23.juli
I år, som i fjor, vart vi inviterte til å delta på jazzfestivalen, denne gongen saman med Vårsøg.
Orkesteret var forsterka med Jorunn Marie Kvernberg  på fele og Jon Pål Inderberg på saksofon. I tillegg var Sondre Bratland med som solist. Desse var med på å løfte konserten til nye høgder, og vi fylte Molde domkirke til randen tre gongar!
Vi budde på Vestheim leirstad, der vi styrte oss med matlaging sjølve. Frode hadde delt koret inn i matgrupper, og dette fungerte kjempefint. Billig og bra!
For ”å kome i gang” held vi konsert i Vestnes kyrkje på oppmøtedagen, før det gjekk slag i slag med øving, mat og sosialt samver frå måndag til og med onsdag.
Vi fekk også presentert eit mogleg plateprosjekt kalla ”Gaver frå livets tre” på samlinga.
Etter frukost og oppvarming på torsdag, reiste vi til Molde for øving og generalprøve i kyrkja. Første konsert var kl. 22 torsdag kveld.
På fredag sjekka vi ut frå Vestheim før vi drog til Molde igjen for dei to siste konsertane. Desse var kl.13.00 og kl. 18.00.

Alf Bjarte Brevik, leiar august 2016 – juli 2017

Trondheim 21.-23.oktober
Øyvind, Eivind og Lars Trygve hadde teke på seg ansvaret for denne helga, og dei gjorde ein god jobb. Buttons med ”Trønder-tour” til alle koristane var prikken over i-en frå denne trioen. Vi starta med konsert i Stjørdal kirke fredagskvelden, før vi blei innkvarterte, nokre privat, og nokre på Karivollen pensjonat. Laurdag hadde vi ei god øvingsøkt på julestoffet på Melhus bedehus og om kvelden var det klart for konsert i Melhus kirke.
Søndagen starta med deltaking på gudsteneste i Nidarosdomen. Som alltid var det ei stor oppleving å få synge i denne fantastiske katedralen. Om kvelden hadde vi konsert i Vår Frue Kyrkje, før vi vende nasene kvar til vårt igjen.

Sunnmøre 2.-4.desember
Dei ekstra julesamlingane i desember har vist seg å vere økonomisk gunstige for koret, og i år la styret opp til ei ambisiøs helg med 5 slike konsertar. Vi hadde med oss ” lokale lesarar” som las juleevangeliet  mellom sangane.  
Vi møtte i Borgund kyrkje fredagskvelden til litt mat, øving og ”opning av filene” før konsert kl.21.00. Denne helga baserte vi oss som vanleg på privat overnatting.
Laurdag reiste vi til Herøy og hadde ettermiddagskonsert i Herøy kyrkje. Deretter drog vi til Sæbø og hadde konsert i Hjørundfjord kyrkje.
Søndag starta vi med konsert i Sykkylven kyrkje allereie kl. 13.30. Trass stor skepsis til tidspunktet, var kyrkja så og seie fullsett. Deretter avslutta vi helga med konsert i Ellingsøy kyrkje, også denne godt besøkt. Styret hadde ansvaret denne gongen.

2017

10.-12. februar, helgesamling i Bergen
Vi starta helga med ein fredagskonsert i Fana kirkje. Her song vi i lag med jentekoret «Fanatalentene», og det vart ein flott konsert med blanding av fine barnestemmer og SKRUK-klangen. Laurdag og søndag hadde vi korseminar i lag med Bergen Nord Kammerkor, og om kvelden var det konsert i Åsane kyrkje på laurdag, og Knarvik kyrkje på søndag. Det var godt oppmøte på begge konsertane, og ei god anledning for SKRUK til å nå eit litt anna publikum.

21.-23. april, helgesamling på austlandet
Vi starta helga med konsert i Lillestrøm kyrkje på fredagen. Laurdagen starta vi med øving og konsert i Romsås kirke, i lag med lokale barnesongarar. Her var det ikkje fullt hus, men dei som kom var glade og fornøgde. Seinare same kveld heldt vi konsert i Trefoldighetskirken, som ein del av 150 års jubileumsfeiringa til Det Norske Misjonsselskap.
Søndagen fekk vi også inn to konsertar, der vi starta med Vang kirke, og avslutta i Jessheim. I Jessheim var det full kyrkje og svært god stemning.

30. juli – 6. august på Kjeldsund
Vi starta samlinga med konsert i Ulstein kyrkje. Deretter vart det øving, leik og moro på Kjeldsund, og vi fekk tid til både soling og bading mellom øktene. Det var underhaldning for store og små på kveldstid, og vi fekk le, leike og synge i lag. På veg mot konsert i Vanylven kyrkje, var vi innom Hakallegarden og fekk kaker og kaffe. Etterpå var det sang i gardstunet og fotoshoot på (Sandviksanden).
Vi hadde også konsertar i Brattvåg, Hjørundfjord, Larsnes og Herøy. Mahsa Vahdat og Erik kom for å øve med oss for førebuing på komande samarbeidsprosjekt i Istanbul og California, og Mahsa vart med på fleire nummer på sommarens konsertar. Vegard spelte vent på trompeten sin, og i lag med Mahsa og koret vart det flotte konsertar.
Det var stort fråvær denne sommarsamlinga, ettersom heile 12 koristar var borte/delvis borte frå samlinga. Vi kom oss gjennom, til trass for at det var svært tynt i nokre av stemmegruppene. Nokre hadde fine rom med frisk luft, og andre fekk rom med snev av mugglukt, og imponerande høg luftfuktigheit. Vi hadde nokre omrokkeringar hit og dit, og kom oss gjennom samlinga som likevel var farga av latter og glade fjes.

Ingeborg Mork Håskjold, leiar august 2017 –

13 – 15 oktober helgesamling i Bergen
Her satsa vi igjen på ei helg med fem konsertar, og styret endra sals-strategi for å få kyrkjene til å ta jobben med å fylle benkeradene. Konsertane vert no i større grad selt på førehand, og koret stiller høgre krav til mat og overnatting i regi av kjøparane. Vi fekk kveldsmat ved ankomst i Fitjar kyrkje, og hadde ein fin konsert med godt frammøte. Vi hadde privat innkvartering frå fredag til laurdag. Laurdag starta dagen med busstransport til korskirken, og vidare for neste konsert i Knarvik kirke. Her var det svært godt oppmøte, og etter konsert tok vi oss vidare til Thon hotell Bryggen for overnatting. Søndagen hadde vi første konsert i Foldnes kirke, og siste i Fana. Begge med godt oppmøte, og helga gjekk i pluss økonomisk.
Her er utklipp frå flott avisomtale i Fitjar Posten:

1-3 desember, helgesamling i Oslo
Sidan vi har så mange vener i Oslo, var det som vanleg privat overnatting denne helga. Fredagen starta vi med konsert i Moss, og vi reiste med buss frå Gardermoen. Vi fekk deilige smørbrød på bussen, og sjåføren var svært bekymra for smular og rot. Vi hadde også denne helga fem konsertar, og gode økonomiske vilkår. Laurdag vitja vi Sandefjord og Sarpsborg kirke, og søndagen var det Råholt og Hurdal som stod for tur. I Hurdal fekk vi servert potetsuppe som mange av oss hadde smakt før i Equador. Og jammen ser det ut til at potetsuppe er potetsuppe same kvar i verda den er laga. Det var godt oppmøte i kyrkja, og vi hadde ein fin konsert. For første gong på ei stund, gjekk ei desembersamling på austlandet med overskot! Søndag morgon rakk vi også ei lita øving med Koskun og Tord i Kulturkirken Jacob, for å varme opp til samling i Istanbul i april/mai.
Vi fekk synge oss inn i mange hjarte også denne helga, og det mangla ikkje på lovord frå publikum. «Dette er det største eg har opplevd», kom det så fint frå eit tårevått gamalt ansikt på kyrkjetrappa. Som Prots stadig minner oss på : Vi kjem ikkje for å imponere, men for å berøre. Ei slik oppriktig tilbakemelding frå eit levd ansikt, må vere ein god peikepinn på at vi har lukkast.

2018

Dette året vart litt annleis enn eit SKRUK-år normalt er, ettersom vi kutta ei helgesamling til fordel for to lengre samlingar på vår-part og sommar. Det har vore eit år med mykje reising, og spennande samarbeid med andre aktørar.

09. – 11. februar, helgesamling i Bergen og omegn.
Vi starta helga med ein fredagskonsert i Norheimsund kyrkje. Vi overnatta ved flotte Thon hotel Norheimsund, der sjølvaste Olav Thon sponsa 20 av roma til oss. Laurdagen bar det vidare til Stord, for konsert i Stord kyrkje. Her fekk vi kaker, kaffe og varm velkomst, og fekk synge for eit flott publikum. Etter konserten på Stord var vi booka til Nedstrand kyrkje, som feira 150 års jubileum. Her diska dei opp med fiskesuppe og nysteikte sveler, og det vart ein flott konsert for ein fullsett sal. Vi sang oss ut av kirka, og vidare ut i natta, saman med publikum som sang med på veg ut og heim. Då siste gjest var sungen heim, bussa kjekke-Eivind (Eivind Dahl) oss vidare til Thon hotel Haugesund for overnatting. Søndag morgon reiste vi tilbake til Bergen, og Thon hotel for øving på søndagen. Tord Gustavsen kom for å øve med oss, for førebuing til komande samling i Istabul. Det var Alf Bjarte og Peter som hadde helgeansvar.

27. april – 1.mai, samling i Oslo og Istanbul
Vi starta helga med konsert i Nordstrand kirke, som kjøpte konserten og diska opp med deilig mat, kaffe og kaker. Mark DeSaulnier hadde også teke turen for å helse på oss, og for å ønske oss velkomne til California for sommarsamlinga. Laurdagen møtte vi opp på Gardermoen, i nye T-shirts med ny Margit-logo, klare for avreise til Tyrkia. Der hadde vi konsert i Camal Resit Rey Concert Hall, Istanbul, i lag med Masha Vahdat, Tord Gustavsen, den kjende tyrkiske musikaren Coskun Karademir, og fleire musikarar med han. Konsertsalen var dessverre ikkje fullsatt, men dei som var der var eit godt publikum og nokre har halde kontakt med oss sidan.

I Istanbul rakk vi også å få med oss ein deilig lunsj på ein takterasse i gamlebyen, vandring til Gamle Miklagar/Konstantinopel/Byasants, Hagia Sophia, vi fekk smake både på lokal mat og lokale vannpiper, før vi måndag morgon måtte stå opp i gry-otta for å kome oss ut av sentrum før det vart stengt for all trafikk grunna forventa 1. mai- demonstrasjonar på Taksimplassen like utanfor hotellet vi budde på. Vel heime kunne vi lese i nyheitene om 165 pågripe, og store mengder demonstrantar frå ulike venstreorienterte grupper, med bannerar med slagord som «Lenge leve 1. mai, Nei til diktator» Tyrkiske myndigheiter møtte dei med tåregass og pågriping. Så nær, men likevel så fjernt for oss.

28. juni – 8. juli, Tour til California
Etter samarbeidet med OIGC under Moldejazz 2015, har gospelkoret frå Oakland ønska oss til California for eit nytt samarbeidsprosjekt. Etter mykje slit for å få på plass visum, billettar, planar, økonomi og program, sette vi fart mot USA, og slo til med to ulike samarbeids-prosjekt på ein tur.
Vi tok først turen til Oakland for konsertar i Oakland og omegn, og deretter vidare til San Fransico for samarbeid med Diaspora Arts Connection, Erik Hillestad, Masha Vahdat og Greg Ellis.
Då vi ankom for første etappe i Oakland, var det ordna med flotte bilar til oss, så vi sjølve kunne køyre frå konsert til konsert. Kjekke koristar i SKRUK hadde på førehand tilbode seg å vere sjåførar, og vi hadde alle faste plassar i bilane under opphaldet, for å halde orden på kvarandre under transport-etappene. Vi vart innlosjerte ved det flotte anlegget Church Divinity School of the Pacific i Berkley, der songarane i OIGC sjølve kom med heimelaga middag til oss dagleg. Det var flott hage rundt anlegget med ekorn som leika ivrig omkring. Ragnhild tilbaud morgongymnastikk på plenen for dei som ønska det, og det var fleire butikkar i nærområdet for dei som vil shoppe litt. Nokre tok turar med bil til større kjøpesenter, og sjølv om øving og konsertar opptok mesteparten av tida, fekk vi sett litt av nærområdet i pausene. Eitt av høgdepunkta var kanskje då vi feira 4. juli med ein samla tur til baseball-kamp med Oakland Atheletics som vann på heimebane! Det var topp stemning, og vi fekk «bølgen» til å nå heilt rundt arenaen då SKRUK og Oigc, som sat saman, starta den med stor entusiasme.

Sjølv om vi nytta ledige stunder godt, var vi først og fremst komne for å synge. Vi heldt mange konsertar, i m.a Piedmont Community Church med ein flotte hage, vi var i kjempevarme Walnut Creek, der gradestokken viste 38 varme i skuggen. Her hadde vi konsert i Lesher Center for the arts. Vi vitja Allan Temple, First Presbyterian Church, og Napa Methodist Church i Napa Valle, der vi heldt to konsertar på rappen. Nokre rakk også ein tur på vinsmaking i Napa-området. Vi var også innom Terrance si lokalkyrkje og fekk kjempegod heimelaga lunsj! Det vart mange konsertar i lag med OIGC, men billettsalet kunne gjerne vore betre. Det var ein del halv-fulle salar, men dei som kom var flotte ansikt å synge for. Publikum viste stor glede for det dei fekk høyre, og det mangla ikkje på lovord etter konsertane. Budsjettmessig vart resultatet “på krona” som vi sjølve hadde budsjettert, og dette var ein tur utan inntekt for koret, men viktig for samarbeid og nettverksbygging.

Som det ofte gjer i om sommaren i California, herja det mange skogbrannar i området den tida vi var der. Ingen av brannane var så nær at det endra planane våre, men det var oske og røyk i lufta, og på det verste såg det ut som det hadde snøa lett over bilane våre. Brannane vedvarte etter at vi var komne heim, og 4. august vart det erklært nasjonal krise i nord-California, med dei mest omfattande skogbrannane i staten si historie. Mange mista heimane sine.

Etter opphaldet med OIGC reiste vi vidare til San Fransisco for samarbeid med Diaspora Arts Connection, gjennom Nazy Kaviani, der vi heldt konsert i Calvary Presbyterian Church i lag med med Mahsa Vahdat, Tord Gustavsen på piano, og Greg Ellis på perkusjon. Vi hadde eit flott opphald, og det vart ein fin konsert for nesten full kirke. Vi vart godt ivaretekne under dagane i San Fransisco også, og fekk servert så mykje smørbrød under øvingane at vi ikkje visste å ete dei opp. Då tok nokre av oss turen til det berykta området Tenderloin, og delte ut lekre smørbrød til dei heimlause. Ein triveleg taxisjåfør vart ivrig med på å finne områda der flest var samla, og tårene sat lett i augekroken over den store takksemda vi vart viste for nokre smørbrød. Dette gav ideen til å ta turen ut i gata for å også gi dei heimlause ein liten minikonsert før vi reiste heim siste dagen. Det vesle vi fann av publikum som var vakne ein tidleg formiddag, klappa ivrig i hendene og smila kom fram sjølv på slitne ansikt.

16- – 18. november, Molde, Ålesund og Tomrefjord
Vi hadde igjen leigd kjekke-Eivind med bussen til å frakte oss denne helga, og dei første starta reisa i Volda. Vi plukka opp koristar langs vegen og på Vigra, og var klare for første konsert i Tomrefjord Kristne forsamlingshus kl. 21.00 Dei hadde diska opp med mat til oss, og det var ein fullsett sal som møtte oss til konsert. Etter konserten reiste vi til Thon hotell Molde for overnatting.
Laurdagen starta vi med øving i Molde Domkirke, og hadde første konsert der kl. 13.00. Også her var det bra oppmøte. Deretter reiste vi til Kristiansund for kveldskonsert kl. 18.00, for ei ikkje heilt full kirke. Flott konsert vart det likevel, med den fine klangen i romet!
Kl. 21.10 ankom vi Thon Hotell Molde igjen, og vi fekk ein deilig julemiddag på hotellet.
Søndagen vitja vi både Valldal og Spjelkavik kirke, begge stader med topp oppmøte. I Spjelkavik hadde Paula Hjelset baka nydelige kanelsnurrar og kaker til oss, og vi vart ønska varmt velkomne. Resultatet frå helga vart total i pluss med god margin, og enda godt var det, etter eit år med mykje utgifter og satsing på ubetalte prosjekt.

2019

8. – 10. februar, samling i Oslo
Denne helga hadde vi konsert på fredagen i kulturkirken Jacob. Det vart ein fin konsert, og Ingeborg hadde motteke e-post frå ei i publikum som fortalde om kor viktig SKRUK har vore for henne og mannen hennar, og at dei ofte lytta til kyrie i lag. Ho hadde kjøpt billettar til konserten i bryllaupsgåve til mannen, og håpa kyrie stod på repertoaret. Konserten vart avslutta med at Prots spurte om dei var i salen. Ho vinka litt småskeptisk frå benkeradene, og vi song kyrie med ei spesiell helsing til dei på bryllaupsdagen. Dei gret av glede og takka stort for opplevinga, og det berørte både oss og mange i salen. Det vart ei fin oppleving både for oss og dei, og ei påminning om at vi får dele noko som har stor betydning for dei som tek imot. Resten av februarsamlinga vart nytta til å øve til plateinnspeling av Taking Back the Garden of Eden.

26.-28. april Innspeling av “Taking back the Garden of Eden”
Plata Taking Back the Garden of Eden med tekstar og melodiar av Kirsti Dahl Johansen vart spelt inn i Sagene kirke i Oslo. Tord Gustavsen var arrangør og pianist, og Rune Arnesen var med på perkusjon. Det var ei intens men kjekk helg, med Alf Christian på lyd, og Erik og Prots som pussa og flikka på tekst, formidling og tone heilt til alt var i boks.

26. juli – 1. august Sommarsamling på Olavsfest
Her fekk vi vere del av Olavfestdagane i Trondheim, i lag med LOVA frå Madagaskar. Vi starta samlinga med å øve inn nytt repertoar av Anders Rønningen. Første opptreden hadde vi på Salmekveld i Borggården mandag 29 juli. Her var det mest SKRUK åleine, men kulturmix-koret var med i publikum for å forsterke allsongen. Dette gjorde at Prots fekk kombinert seminar som ein del av programmet for festdagane, medan Anders øva inn nytt stoff med SKRUK. LOVA kom også inn under konserten i Borggården som eit vindpust og presenterte seg på scena, for å reklamere for vår felleskonsert som var føreståande tysdag 30 juli i Vår Frue Kirke. Konsertane fekk strålande omtale i avisa av ein journalist på første rad, som seinare skreiv ein ny omtale der vi fekk slakt som eigna til å forbause. Det var interessant, og eg trur vi kan konkludere med at den umiddelbare responsen var at konserten var strålande og vart godt motteke. Trondheim viste seg frå si vakraste side denne veka, med strålande sol og deilig varme. Det vart mange seine kveldsbad i sjøen, og fine turar i Trondheim sentrum.

27.-29. september. Haustsamling med konsertar og innspeling av “Triptykon”
Samlinga starta med konsert i Hof kirke, Arneberg. Laurdagen reiste vi til Ullensaker kyrkje der vi gjorde innspelingar. Vi hadde lenge snakka om å få spelt inn «Å var eg meir deg Jesu lik». Vi fekk også gjort opptak av Kjærlekens tid, og Tord Gustavsen sin Kyrie. Alf Christian var som vanlig vår trufaste lydmann. Søndagen rakk vi å synge på Gudsteneste i Ris kirke før vi heldt ein tidlegkonsert der. Så reiste vi tilbake til Ullensaker kirke for litt meir opptak før vi avslutta helga her med ein ettermiddagskonsert. Det var godt oppmøte, og vi gjekk økonomisk omtrent i null til trass for at vi nytta ein del tid til innspeling og berre heldt tre konsertar.
(Red: I boka “På reise med SKRUK gjennom 50 år” står det at denne helga var 27.-29. nov. Det er dessverre feil)

6. – 8. desember, Førjulsturné på Sunnmøre
Vi starta fredagen i Ellingsøy, og heldt fram med tidlegkonsert i Volda på laurdagen. Her var kirka nesten heil fullsett, antageleg fordi 12-konsert er eit innarbeidd konsept i Volda. Det var god stemning i alle fall, og Magnar Åm var også til stade i publikum og hadde gode ord å kome med i etterkant. Om kvelden hadde vi konsert i Herøy før vi reiste til hotell Ivar Aasen for julemiddag og overnatting. Det vart deilig middag med julebuffet og god stemning der Jon hadde laga festelig SKRUK-kahoot som var gjennomført med iver og engasjement. Søndagen hadde vi god frukost på hotellet før vi tok vegen vidare til Sykkylven for tidlegkonsert. Ikkje alle kom med på riktig ferje? men rakk konserten med glans likevel. Siste konsert denne samlinga vart helde i Blindheim bedehus.

Ingeborg Mork Håskjold, leiar august 2017 –

2020

7.-9. februar Samling i Oslo
Lite visste vi, at dette vart siste gong koret var samla på lang tid. I februar 2020, hadde vi samling i Oslo, og deltok på jubileumskonsert for Kulturkirken Jakob som feira 20 år. I lag med søstrene Mahsa og Marjan Vahdat, fekk vi vere med på ein vakker konsert. Mahsa og Marjan var med oss vidare på turnè gjennom helga, og Kaptein Raudskjegg frakta oss med buss til konsertar i Porsgrunn kirke, Tønsberg kirke og Jessheim kirke. Resten av tida var sett av til øvingar og førebuing til sommarsamling, der Moldejazz si største satsing var ein konsert med SKRUK, Altiplano, og musikarar frå Aserbajdsjan. Dei ønska å slå på stortromma for å feire av den 60. festivalen for Moldejazz!

Aprilsamling
Etter kvart som april og dato for neste samling nærma seg, forstod vi at pandemien som hadde stengt ned landet 12. mars, ikkje ville gå over med det første. Samlinga og konsertane vi skulle ha på austlandet vart difor avlyst. Prots, Bjørn og Ingeborg hadde også kjøpt flybillettar til Ukraina og skulle på møte der for eit nytt samarbeidsprosjekt med koret, på initiativ frå Bjørn Wegge. Også dette var kansellert.
I staden for samling, fekk vi laga musikkvideo av Tord sin Kyrie. Takk til Bjørn for innsatsen med å produserer og redigere ein fin video. Denne vart sendt til Prots på 70- årsdagen hans, i lag med ein stor bukett blomar. Dette vart berre eit lite plaster på såret for at vi aldri fekk feira i lag.

Torgrim Grimstad hadde ønske om å få lage noko med koret også, så han laga ein fin produksjon av «La Den Brenne». Alle filma seg sjølv medan dei song, med plateopptak på øyret for å få rett «timing». Deretter filma vi oss sjølve der vi song, men utan lyd, slik at vi hadde video utan at vi sat og «konsa» med øyreproppar på. Det vart overraskande bra lyd til å vere laga med kvar enkelt sin mobil, og sett saman til slutt. Takk til Torgrim for fin video!

Sommarsamling 10.-12. juli
Vi var i dialog med jazzfestivalen om kor lenge vi kunne ha planane på vent før vi evt. kansellerte. Flybillettar til alle musikarane var kjøpt og betalt, og heile gjennomføringa var fiks ferdig detaljplanlagt. Det skal nemnast at dei fleste kan få mareritt av å detaljplanlegge med musikarar frå Latinamerika og Aserbajdsjan. Vi trong å vite kva flyplass dei skulle hentast frå og flygast til, kva dato vi kunne få til flyging ifht. pris på reisa, og passinformasjon. Enkle opplysningar eigentleg. «Mańana, mańana»…eller «Sure, no problem»…., men ingen svar kom før dei fleste var direkte truga med at denne jobben ville gå i vasken. Nokre sveitte månader, før alt var på plass. Så var det den pandemien då…… Sommarsamlinga enda med at vi klarte å dele koret i to mindre og meir lokale grupper, og det vart halde to fine og minnerike samlingar. Ei på Lepsøya hjå Elsa og John, og ei heime hjå Tone. Bjørn, Vegard og John hadde sørga for å få opp storskjerm og god lyd, så vi kunne halde kontakt med vår andre halvdel på austlandet.
På Larkollen var det også varm velkomst for dei som øvde der, og det var god mat, god stemning, og kjempeinnsats for å få musikken til å sitte, og så framføre den over web til gjengen på Lepsøya. Takk for songen! Det var vakkert
Årsmøtet utsette vi til desembersamling.

18. – 20. september, Tur til Baku, avlyst pga pandemi
I utganspunktet skulle vi til Baku for å synge på ein festival denne samlinga. Vi hadde planane klare i lag med Siyavush Karimi og musikarar frå Aserbajdsjan. Når vi forstod at dette ikkje kunne gjennomførast, laga vi ein plan B med samling i Oslo. Vi forstod at utanlandsprosjekt måtte vente ei stund no, men håpa vi kunne få til noko internasjonalt i staden. Vi skulle ha konsertar i Kulturkirken Jakob på fredag og laurdag, og årsmøte og øving på søndag. Vi ville å få til ein konsert om Håp, og såg på moglegheiter for å få med ein artist. Vi ba alle vente til juli før ein skulle kjøpe flybillett, i tilfelle situasjonen for konsertar endra seg igjen………..og ja, slik vart det. Også plan B gjekk ut. Vi hadde også ein plan C om ei plateinnspeling, men heller ikkje dette kunne gjennomførast på dette tidspunktet.

4.-6. desember, Sunnmøre
Nok ei ny samling vart planlagt i detalj, og plassert i kalenderen. Vi gleda oss igjen og håpa. Elsa, Gunn og Ingeborg hadde jobba iherdig med booking, og billettsalet gjekk sin gang. Vi skulle ha konsertar på Vatne, i Ørsta, i Stryn og Ålesund. Vi hadde fått lagt inn tid til årsmøte, og alt var spikra med tanke på mat, transport og logistikk….men gjett kva? AVLYST!
Det enda med at vi fekk gjennomført eit styreval over e-post, der valkomiteen ved Ragnhild Nøst Bergem, og Eivind Grimstad Egeland, gjorde ein solid innsats for å gjennomføre det på ein måte vi aldri før har prøvd. Styret vart einstemmig gjenvalt, og Sonja vart vald inn for å gå i lag med Arnulf eitt år før ho tek over posisjonen hans som økonomiansvarleg. Velkomen inn i styret, Sonja, og takk for tilliten frå koret til det sitjande styret.

2021

13. – 14. februar, Øvingssamling i Fosnavåg
Februarsamlinga vart planlagt og replanlagt, og enda med ei mindre lokaløving i Fosnavåg konserthus, som vart sendt på web til resten av koret. Dette for å førebu oss til samarbeid og plateinnspeling i lag med Frode Fjellheim og musikarar, med konsertar på årets Moldejazz.

7.-9. mai Utsett aprilsamling, avlyst pga pandemi.
Vi flytta helga til mai, i håp om å få til konserthelg kombinert med litt øving til sommaren. Diverre måtte samlinga gå ut grunna anbefalingar i forhold til pandemien.

21.-25. juli Amputert sommarsamling på Vestheim
Plan A for sommaren var samarbeid med Frode Fjellheim og musikarar, med konsert på årets Moldejazz. Erik Hillestad var også med på laget, og klar for å lage plateinnspeling samtidig. Diverre gjekk tida fort, og nedslåing av pandemien drygde ut. Jazzfestivalen hadde for usikre forhold å planlegge etter, og det enda difor med at sommarens samling vart for SKRUK åleine, og over ei kortare periode enn ei vanleg sommarsamling. Dette for å halde kostnadane låge, ettersom midlar var sett av til prosjekt som måtte setjast på vent. Men samlinga vart slett ikkje kjedeleg! Vi feira at vi fekk vere i lag igjen, med nedgravne lammelår i kokegrop, heilgrilla gris i fjøresteinane, og vi kosa oss på beste vis i “kor-hortar”, og med meters avstand. Eivind Nilsen gjorde comeback på 2. bass, og starta sterkt med å også stille som kokk for festmaten, i lag med underteikna. Ein sann viking, som bar glødande steinar for å steike kjøt under torva.

For å hindre smittespreiing, delte vi oss inn i små grupper som delte bil, bord, plass i kyrkja, og rom. Kohortane hadde også kjøkkenteneste, og matservering vart utført eksemplarisk til kvart bord, av dagens servitørar med munnbind og med nysprita hender. Dagens kjøkkenkohort la si sjel i både tilberedning og servering, og det var stor glede og strålande service ved kvart einaste måltid.
Vår første konsert, etter all denne tida med venting, var i Kornstad kyrkje på Averøy laurdag 24/7. Elles fekk vi halde ved like rør- og fløytekvaliteten, og øvde heile dagane for å ikkje misse samklangen til den dagen konsertar igjen kan utførast MED publikum til stades.

17.-19. september, Konsertar i Oslo-området
Igjen delte vi koret inn i kohortar, og fekk halde konsertar i Oslo. Vi starta fredag kveld i Sagene, hadde øving på Thon hotell Opera på laurdag, og avslutta med to konsertar på søndag i Sofiemyr og Lillestrøm. Oppmøtet var ikkje som det var før pandemien, men nokre hadde heldigvis våga seg ut, og kom for å høyre oss.

27.- 28. november, Ekstra øvingssamling i Ørsta
Lokaløving for å førebu julekonsertane på Ørsta bedehus, og heime hjå Kari i Oslo. Vi sende også live frå øvinga i Ørsta, og Kjell hadde teke vegen heilt frå Bergen for å vere med. Det vart overnatting og middag hjå Ingeborg, og vi fekk ei god øvingsøkt både laurdag og søndag for å førebu oss til julekonsertar.

10.-12. desember, Julekonsertar i Oslo-området
Samling i Oslo og deltaking på Erik Hillestad sin 70-årskonsert, «Uprøvde friheter» der vi song saman med Sigvart Dagsland, Karoline Krüger, og Marthe Wang. Det vart ein sterk og flott konsert, og tilbakemeldingane frå publikum var gode. Vi smitte-testa koret hyppig, og køyrde smitteregime, som no var godt innarbeidd. Bra gjekk det denne gongen også, og kjekt var det. Det var tydeleg at det var stort for mange i publikum å få kome ut å oppleve kultur igjen. Vi hadde elles fire konsertar denne helga, og hadde heldigvis støtte for tap av billettinntekter. Aldri før har vi hatt så lite publikum, og det var fleire som hadde kjøpt billett som ikkje tok sjansen på å kome etter anbefalingar frå helsemyndigheitene om å unngå folkemengder, grunna den nye virusvarianten Omikron som akkurat hadde kome til Noreg. Laurdagskvelden fekk vi med oss kinovisning av dokumentarfilmen «Vær her», laga av vår eigen Ragnhild Nøst Bergem. Takk for flott film!

2022

18.-20. februar på Sunnmøre
Denne helga hadde vi konsertar i Volda, Vereide, Oppstryn, Sunnylven og Sykkylven. Sola strålte denne helga. Frå laurdag til søndag var vi på Stranda hotell og fekk god mat der! Bassenget vart opna for koret, så det vart bading ut i dei seine timar for nokre, medan andre spelte spel eller dansa. God stemning og etterlengta sosialt samver. Kort oppsummert: Kjekt!

22.-24. april. Bergen, Stord, Avaldsnes og Stavanger
Denne helga gjekk turen til Bergen, Stord, Avaldsnes, St. Petri i Stavanger og til slutt til Sola.
Det var ei kjekk helg og Bjørn hadde bestilt deilig middag på indisk restaurant. Vi overnatta igjen på hotell, og fekk tid til endå meir sosialt samvær. Det var godt oppmøte på konsertane denne helga, og den siste heldt vi for ein fullsett sal i Sola kirke. Ekstra kjekt var det å sjå fanklubben til Kristin på 1. rad. Glitrande barneauger (og mannen), som var såååå stolte FOR eit publikum!

4.-11. august, sommarsamling på Kjeldsund og innspeling av «Braids of Innocence» i Volda kyrkje
Torsdag starta vi med konsert i Herøy kyrkje. Den var fullsett, og ekstra stolar måtte leitast fram. Det vart ein flott konsert som start på samlinga. Deretter reiste vi vidare for innkvartering på Kjeldsund. Her vart det servert skalldyrsuppe, jorbær og kaker. Eivind og Ingeborg hadde plukka maaaaange kilo blåskjell og diverse frå havet, for å lage maten denne kvelden. Det er notert bak øyret, at blåskjell til 50 personar er veldig mykje blåskjell. Sveitt! Det vart både padleturar, bading, grilling og deilig mat mellom slaga, og nok ei plate av SKRUK vart øvd inn på denne perla av ein plass!
Søndag 7. til torsdag 11. var det klart for plateinnspeling i Volda kyrkje, med Mahsa Vahdat og harpisten Ellen Bødtker. Det vart mange timar øving kvar dag, og ettersom stoffet var ekstra krevjande, hadde vi hyra inn Bjørnar Myhr som repetitør for å effektivisere innøvinga. Han måtte be om nokre ekstra dagar til å førebu seg på stoffet, men vi kom oss gjennom, og «Braids of Innosence» vart produsert. Som alltid, i regi av Erik Hillestad (KKV), og med Alf Christian sitt lune smil og labbande ganglag mellom mikrofonar og mixebord.
Som det ofte skjer når Erik har regi på ei plateutgiving, treff vi politiske spikrar rett på hovudet, med forbløffande god timing og slagkraft. Igjen har koret fått ei viktig stemme for rettferd og fred, og vi ante det ikkje før plata var i boks…denne gongen heller. Takk til Erik og KKV for den utømelege kjelda av pågangsmot, og for teft for unike prosjekt!

16.-18. september i Oslo
Her sikta vi oss inn mot austlandet igjen, og heldt konsertar i Jessheim kirke på fredag, og Åssiden- og Horten kirke på laurdag. Søndagen hadde vi workshop og konsert med to fellesnummer saman med koret Canto Ammonia i Skien.

2.-4. desember, Førjulskonsertar på Austlandet og lansering av plata
«Braids of Innocence»

Det vart mykje turnèring på austland i 2022. Vi starta med ein vanleg julekonsert på fredagen, så julestemninga fekk sett seg. Deretter hadde vi to konsertar i Kulturkirken Jakob. Først julekonsert, og deretter releasekonsert med Braids-plata. Vi avslutta helga med ein siste julekonsert i Ullensaker.
Releasekonserten vart ein sterk konsert, med videomontajse rullande på skjermar ved sidan av koret. Sjølv var SKRUK med på å lage ein støtte-film for oppropet mot moralpolitiet, og mange ofra ein hårlokk for ei god sak.