Etter mange års planlegging, og etter ei lang utsetjing (pga pandemien) vart endeleg turen til Madagaskar ein realitet 21. mars til 4. april i 2024
Det aller første møte med våre vener frå Madagaskar; nærare bestemt militærkoret LOVA og Anders Rønningen – var sommaren 2014 i Oslo. I 2019 møttest vi igjen, og hadde då konsert saman under Olavsfest i Trondheim. Ideen om å besøke Madagaskar vart enno meir verkeleg etter det, og då Anders også fekk plass i 1. bass-rekka i koret fekk planane fart på seg. Etter svært mykje arbeid, ikkje minst av Anders, styreleiar Ingeborg, den lokale norsktalande agenten; Hasina og eit godt samarbeid med NMS på plass, gjekk altså ferda til verdas fjerde største øy, den afrikanske øyrepublikken i Det indiske hav: Madagaskar!
Fortsett å lese «SKRUK på turné til Madagaskar påska 2024»