Konsertar i Son kulturkirke og Ris kirke

Denne sommaren blir det kun to konsertar. I Son kulturkirke fredag 2. august og i Ris kirke søndag 4. august.

SKRUK i Antsirabe Madagaskar palmesøndag 2024

Sist påske gjennomførte koret ein turne på Madagaskar i samarbeid med det gassiske militærkoret LOVA. Resten av denne helga skal nyttast til å spele inn koret sitt 33. album med musikk frå dette samarbeidet.

Konserten i Son vil bli ei blanding av salmar, folketonar og gospel i tillegg til tolkninger av musikk frå mange verdenshjørner basert på mange samarbeidsprosjekt gjennom meir enn 50 år. Kanskje vil publikum også få høyre heilt ny musikk frå samarbeidet på Madagaskar.

Den andre konserten denne helga er ein støttekonsert for den tidligere leprakolonien Mangarano på Madagaskar i regi av NMS. Den blir i Ris kirke, søndag 4. august kl 1700. Den har fått tittelen “Fra Madagaskar til Ris kirke”. Du kan lese meir om dette prosjektet her: https://nms.profundo.no/mangarano

Billettar til konsertane: Son kulturkirke og Ris kirke