SKRUK på turné til Madagaskar påska 2024

 Etter mange års planlegging, og etter ei lang utsetjing (pga pandemien) vart endeleg turen til Madagaskar ein realitet 21. mars til 4. april i 2024

I tre bussar på veg frå Antananarivo. Foto: Hazina Randriamahozo

Det aller første møte med våre vener frå Madagaskar; nærare bestemt militærkoret LOVA og Anders Rønningen – var sommaren 2014 i Oslo. I 2019 møttest vi igjen, og hadde då konsert saman under Olavsfest i Trondheim. Ideen om å besøke Madagaskar vart enno meir verkeleg etter det, og då Anders også fekk plass i 1. bass-rekka i koret fekk planane fart på seg. Etter svært mykje arbeid, ikkje minst av Anders, styreleiar Ingeborg, den lokale norsktalande agenten; Hasina og eit godt samarbeid med NMS på plass, gjekk altså ferda til verdas fjerde største øy, den afrikanske øyrepublikken i Det indiske hav: Madagaskar!

Store delar av turen gjekk føre seg med buss, og den aller første strekninga gjekk frå hovudstaden Antananarivo til Antsirabe. Ei strekning på 166 km, som på norske vegar ville ha tatt omlag 2,5 time, men som på grunn av ein utfordrande vegstandard tok meir enn dobbelt så lang tid. Sjølv om koristane var førebudd på ein del busskjøring, noko vi er godt vant til, så vart nok dei 1000 km totalt på gassiske vegar litt meir enn eksotiske. Når det er sagt så skal ein leite lenge etter meir eksotisk landskap og folkeliv på godt og vondt. At Madagaskar vert rekna som det femte fattigaste landet i verda fekk vi sjå med eigne auge. Ein skulle tru at dei då automatisk også var ulykkelege mennesker, men at dei ligg nederst på lista i høve til BNP betyr ikkje at dei ligg nederst på «lykke-lista». Meir smilande og imøtekomande folk skal ein leite lenge etter. Vi vart minte på at lykke ikkje treng å henge saman med økonomisk velstand.

Vi kom fram til Antsirabe utpå kvelden og vart inlosjerte på Lovasoa. Byen Antsirabe vart grunnlagt av dei norske misjonærane Borgen og Rosaas i 1872 og dei bygde Lovasoa (i 1881) som ein internatskule for misjonærborn. Sidan 2011 har Lovasoa vore eit kultur- og kompetansesenter eigd av Den gassisk-lutherske kirke (FLM) og NMS og er i dag organisert som ein frivillig organisasjon. Antsirabe og Stavanger er venskapskommuner og ingenting er meir naturleg enn at eigedomen ligg i Stavangergaten.  Her møtte vi våre gamle vener i militærkoret LOVA, som hadde kome opp frå Tulear for å øve saman med oss og for å vere med på vår første konsert på palmesøndag. Vi fikk høyre dei flinke songarane frå blindeskulen til prosjektet til NMS Miara Mianatra. Her var vi også saman med det dyktige gospelkoret: Normal Gospel og den gassisked artisten Rajery.  

Palmesøndag var det konsert i den lutherske katedralen i Antsirabe kl 1700. Her var det smekkfullt, og det vart sagt at det var over 2000 sangglade deltakarar. Det vart ein innhaldsrik og varm konsert på alle måtar som varte rundt tre timar og ingen tvil om at LOVA hadde ei høg stjerne i Antsirabe.

Konsert i den lutherske katedralen i Antsirabe palmesøndag. Foto: Ingeborg Mork Håskjold

Tidleg dagen etter, faktisk 0730, gjekk turen vidare til neste destinasjon som var Fianarantsoa (Fianar), heimstaden til Hasina. Ein tur på omlag 250 km. Ein svært opplevelsesrik tur gjennom et imponerande landskap av sletter, fjell, elvar der det vart vaska ut smaragdar og små landsbyar. Og kvar gong vi måtte stoppe av ulike årsaker, dukka det opp smilande folk i alle aldrar som ville helse på. Etter ankomst, som vart mykje seinare enn planlagt, var det rett på konsert i kyrkja Ivory Avatara. Her vart vi møtte av vakker song frå Hasina sitt eige, sjarmerande barnekor som tok i mot oss med varme og mykje kjærleik. Vi avslutta konserten saman med å syngje, på norsk!, «En stjerne skinner i natt» (for de likte så godt Oslo Gospel Choir).

Tysdag og onsdag var sett av til øving og fridagar på heilt utrulege Hotel Le Jardin Du Roy i Isalo, omlag 300 km frå Fianar. Ein verkeleg oase, og ei nesten surrealistisk oppleving å kome fram til etter den lengste bussturen av alle.

Margit, Kari, Sølvi og Grete med autentiske hattar i garnisonen. Foto: Gina Hillestad Lystrup

Skjærtorsdag var vi klare for siste offisielle bussetappe til kystbyen Tulear, ein liten tur på berre 220 km. Dette er heimstaden til militærkoret LOVA og her fekk vi kome inn til bataljonen og øve saman i deira eige øvingslokale, med og uten strøm. Etter ei god natt på Hotel Le Paradisier var det klart for siste dag i det offisielle programmet. Dagen starta tilbake i bataljonen der vi fekk møte bataljonsjefen, fekk utdelt bataljonske stråhattar og vimplar og takka for den varme mottakinga. Sjølve langfredagskonserten gjekk føre seg i Katedralen i Tulear. Den konserten kan samanliknast med det vi på Sunnmøre ville kalla eit songarstemne, for her deltok det ei mengde kor. Kanskje litt meir fargerikt og svingande enn heime, men med høg kvalitet og stort engasjement.

Frå konserten i katedralen i Tulear langfredag. Foto: Gina Hillestad Lystrup

Alle dei vakre borna vi møtte på vår veg gjennom Madagaskar, har lagt att spor i hjartet. Det er vanskelig å vite korleis ein kan bidra når vi kjem litt busande inn frå utsida og trakkar inn i ei anna verd. Kven skal vi hjelpe, korleis bør vi gjere det? Då var det godt å få kjennskap til eit konkret, pågåande og godt organisert hjelpearbeid, som vi kan støtte opp under og kanskje vere med på å gjere ein liten skilnad? SKRUK fekk vite om inkluderingsprosjektet til NMS, Miara Mianatra, som sørgar for at born med syns- og hørselshemningar – og andre born med spesielle behov, får eit tilbod om utdanning. Vi fekk treffe dei, synge med dei, og er med på å profilere arbeidet og prosjektet med håp om at dei fortsatt skal ha eit tilbod.