Februar -23: Greverud

I år er SKRUK heile 50 år! Vi startar vårt jubileumsår i Greverud kirke fredag 17. februar klokka 21:00. Du vil få oppleve ein tradisjonell SKRUK-konsert, der vi byd på musikk frå nokre av dei spennande prosjekta vi har fått vore med på, samt meir kjende tonar frå vår eigen del av verda. Velkomne til konsert!

Billettar til konsert i greverud finn du her: SKRUK // Greverud

Medan vi ventar på Jul

I år kombinerer vi vår faste førjulsturnè med releasekonsert i Oslo! Vi startar med ein eigen adventskonsert i Kulturkirken Jakob fredag 2. desember kl. 21.00. Laurdag 3. desember skal vi først ha releasekonsert for den nye plata vår “Braids”, der vi har samarbeidd med den iranske artisten Mahsa Vahdat. Denne konserten startar kl. 17.00 i Kulturkirken Jakob. Vi held deretter fram med adventskonsert i same kyrkje klokka 21.00. Søndag 4. desember avsluttar vi vår førjulsturnè i Ullensaker kirke kl. 17.00. Vel møtt!

Billettar finn de her:

02.12.2022 Kulturkirken Jakob, fredag, Adventskonsert.

03.12.2022 Kulturkirken Jakob, Laurdag. Release-konsert.

03.12.2022 Kulturkirken Jakob, laurdag. Adventskonsert.

04.12.2022 Ullensaker Kirke, søndag. Adventskonsert.