SKRUK på turné til Madagaskar påska 2024

·

Etter mange års planlegging, og etter ei lang utsetjing (pga pandemien) vart endeleg turen til Madagaskar ein realitet 21. mars til 4. april i 2024

I tre bussar på veg frå Antananarivo. Foto: Hazina Randriamahozo

Det aller første møte med våre vener frå Madagaskar; nærare bestemt militærkoret LOVA og Anders Rønningen – var sommaren 2014 i Oslo. I 2019 møttest vi igjen, og hadde då konsert saman under Olavsfest i Trondheim. Ideen om å besøke Madagaskar vart enno meir verkeleg etter det, og då Anders også fekk plass i 1. bass-rekka i koret fekk planane fart på seg. Etter svært mykje arbeid, ikkje minst av Anders, styreleiar Ingeborg, den lokale norsktalande agenten; Hasina og eit godt samarbeid med NMS på plass, gjekk altså ferda til verdas fjerde største øy, den afrikanske øyrepublikken i Det indiske hav: Madagaskar!

Store delar av turen gjekk føre seg med buss, og den aller første strekninga gjekk frå hovudstaden Antananarivo til Antsirabe. Ei strekning på 166 km, som på norske vegar ville ha tatt omlag 2,5 time, men som på grunn av ein utfordrande vegstandard tok meir enn dobbelt så lang tid. Sjølv om koristane var førebudd på ein del busskjøring, noko vi er godt vant til, så vart nok dei 1000 km totalt på gassiske vegar litt meir enn eksotiske. Når det er sagt så skal ein leite lenge etter meir eksotisk landskap og folkeliv på godt og vondt. At Madagaskar vert rekna som det femte fattigaste landet i verda fekk vi sjå med eigne auge. Ein skulle tru at dei då automatisk også var ulykkelege mennesker, men at dei ligg nederst på lista i høve til BNP betyr ikkje at dei ligg nederst på «lykke-lista». Meir smilande og imøtekomande folk skal ein leite lenge etter. Vi vart minte på at lykke ikkje treng å henge saman med økonomisk velstand.