Kategori: Uncategorized

  • Konsertar i Oslo-området i oktober

    Frå 23. til 25. oktober blir det konsertar i Østerås, Mortensrud, Spydeberg, Langhus og Ullensaker. Billettar er alltid å finne på ebillett.no/skruk

    Dette er ein tradisjonell acapella-konsert med repertoar frå korets 53-årige historie. Helgas fem konsertar er lagt til Østerås kirke på fredag kl 2100, Mortensrud kirke på lørdag kl 1300 og Ungdomssenteret i Spydeberg kl 1800. På søndag kjem vi til Langhus kirke kl 1300 og Ullensaker kirke kl 1700
    Dirigent Per Oddvar Hildre. Billettar til alle konsertane på ebillett.no/skruk

  • Kysten rundt med Chorale Militaire Lova

    I perioden frå 27. juni til 1. juli turnerer SKRUK med det gassiske militærkoret Lova, frå Bergen til Oslo.

    Direkte frå fredskonsert i Grieghallen 26 juni saman med Chorale Militaire Lova og Sjøforsvarets musikkorps, til sju kyrkjer langs kysten mellom Bergen og Oslo. Lova er noko så spesielt som eit militærkor frå Madagaskar. SKRUK starta dette samarbeidet i 2014, og turnerte også saman med Lova på Madagaskar i påska 2024.
    Programmet på konserten blir ei blanding av SKRUK og Lova sitt repertoar i tillegg til songar frå albumet «Ei felles bøn om fred» som kom ut i juni 2025. Kyrkjene som får besøk er:

    27. juni: Knarvik kyrkje i Alver (ved Bergen)
    28. juni: Austevoll og Vår Frelsers kirke i Haugesund
    29. juni: Gand kirke i Sandnes
    30. juni: Mandal kirke
    1. juli: Kragerø kirke og Asker kirke

  • Ei felles bøn om fred – fredskonsert i Grieghallen

    Fredag 26. juni møter SKRUK igjen militærkoret Lova frå Madaskar. Det skjer i Grieghallen saman med Sjøforsvarets musikkorps i regi av Det norske misjonsselskap. Konserten har same tittel som SKRUK sitt siste album: Ei felles bøn om fred, og det er musikk frå dette albumet som blir presentert på denne fredskonserten.