I perioden frå 27. juni til 1. juli turnerer SKRUK med det gassiske militærkoret Lova, frå Bergen til Oslo.

Direkte frå fredskonsert i Grieghallen 26 juni saman med Chorale Militaire Lova og Sjøforsvarets musikkorps, til sju kyrkjer langs kysten mellom Bergen og Oslo. Lova er noko så spesielt som eit militærkor frå Madagaskar. SKRUK starta dette samarbeidet i 2014, og turnerte også saman med Lova på Madagaskar i påska 2024.
Programmet på konserten blir ei blanding av SKRUK og Lova sitt repertoar i tillegg til songar frå albumet «Ei felles bøn om fred» som kom ut i juni 2025. Kyrkjene som får besøk er:
27. juni: Knarvik kyrkje i Alver (ved Bergen)
28. juni: Austevoll og Vår Frelsers kirke i Haugesund
29. juni: Gand kirke i Sandnes
30. juni: Mandal kirke
1. juli: Kragerø kirke og Asker kirke
