Skribent: Bjørn

  • Minnekonsert for Marit Carlsen i Kristiansund i februar

    I tillegg til minnekonserten i Kristiansund på laurdag skal koret også ha konsertar i Ålesund og i Molde helga 6. – 8. februar.

    Foto: Rolf Øhmann (platecover på «feelin» spirit»)

    I februar 2026 ville Marit Carlsen fylt 70 år. Diverre gjekk ho bort så altfor tidleg i 2002, men minna er sterke. 30. november i 1984 fekk heile 800 oppleve Marit saman med Skruk & Ytre Suløen i Kirkelandet kirke iflg Tidens Krav. Vi vonar at vi klarer å fylle kyrkja igjen laurdag 7. februar. Då kjem koret til Kristiansund for å feire minnet etter den markante songaren.

    Koret skal også ha konsert i Ålesund kirke fredag 6. februar og i Molde domkirke søndag 8. februar. Vi har med oss eit knippe songar som speglar dei (snart) 53 åra koret har eksistert. Dirigent er som alltid Per Oddvar «Prots» Hildre.

    Fredag 6. februar; Ålesund kirke kl 21:00
    Laurdag 7. februar; Kirkelandet kirke kl 20:00
    Søndag 8. februar; Molde domkirke kl 13:00

  • Julekonsertar i Trøndelag

    Tittelen på årets julekonsert er som alltid «medan vi ventar» og repertoaret er henta frå SKRUK sine eigne plater med særleg vekt på juleplatene. Vi skal sørge for å få deg i julestemning denne andre adventshelga.

    5. desember: Stjørdal kirke kl 21:00
    6. desember: Orkdal kirke kl 13:00
    6. desember: Lademoen kirke, Trondheim kl 18:00
    7. desember: Strinda kirke, kl 13:00
    7. desember: Malvik kirke, kl 16:00

    Billettar til alle konsertar finn du på ebillett.no/skruk

    (meir…)
  • Konsertar med SKRUK & Tord Gustavsen i oktober

    24. – 26. oktober blir det konsertar i Fjell kirke (Drammen), Ris kirke (Oslo), Jar kirke (Bærum) og i Eidsvoll kirke. Konserten i Fjell kirke på fredag blir ein tradisjonell acapella-konsert med koret åleine som gir eit tverrsnitt av koret sitt repertoar gjennom 52 år.

    Konsertane laurdag og søndag blir saman med Tord Gustavsen som SKRUK har hatt eit nært samarbeid i mange år. Det har resultert i fleire album som m.a. Sommerlandet, Dype Stille Sterke Milde, I vinens speil m.fl. Desse konsertane vil innehalde musikk frå fleire av desse samarbeidsprosjekta.

    Klikk på den konserten du ønskjer å kjøpe billettar til:
    Fredag 24. oktober kl 21.00: Fjell kirke
    Laurdag 25. oktober kl 19.00: Ris kirke
    Søndag 26. oktober kl 13.00: Jar kirke
    Søndag 26. oktober kl 17.00: Eidsvoll kirke