Konsertar i Vestfold, Agder og Buskerud i april

by

·

Frå 17. til 19. april skal koret ha konsertar i Porsgrunn, Kristiansand, Arendal, Sandefjord og Hønefoss

Kristiansand domkirke. Foto: Tor Erik Schrøder/NTB

Årets aprilturné går til Porsgrunn kirke fredag 17. april kl 2100, Kristiansand domkirke laurdag 18. april kl 1400, Trefoldighetskirken i Arendal same dag kl 1800, Sandefjord kirke søndag kl 1300 og Hønefoss kirke same dag kl 1700.

Det blir ein tur litt på kryss og tvers, men det er mange år sidan vi har gjesta dette området, så vi fann ut at det no var på tide. Dette er vår tradisjonelle acapella-konsert som inneheld eit tverrsnitt av koret sitt repertoar gjennom ganske nøyaktig 53 år. Dvs ikkje berre a capella, vi har ein liten gospelavdeling der vi utnyttar instrumentale ressursar i koret på både piano, bass og trompet. Den nøyaktige lista over songar blir aldri heilt bestemt før vi står der, men om du blar litt lenger ned på framsida vil du finne ein oversikt over dei aktuelle songane.

For folk i området som ikkje har høve til å kome på konsert i april, kan vi no opplyse om at vi også skal gjere ein sommarturné frå Bergen, langs kysten via Stavanger og Kristiansand og ende opp i Asker kirke i perioden 28.6. – 1. juli. Billettar til desse konsertane blir lagt ut ganske snart

Billettar til alle våre konsertar finn de her: