
Årets sommarsamling går til vakre Hardanger og Framnes KVGS i perioden 28. juli – 3. august. Vi har sett av tre heile dagar til øving og sosialt samvær i tillegg til seks konsertar i nedslagsfeltet rundt Bergen.
Her er lista med konsertstadar. Billettar til alle konsertane kan kjøpast på ebillett.no/skruk
28. juli kl 20.00: Norheimsund kyrkje
1. august kl 17.00: Foldnes kyrkje
1. august kl 21.00: Knarvik kyrkje
2. august kl 17.00: Os kyrkje
2. august kl 21.00: Eidsvåg kirke
3. august kl 13.00: Skjold kirke
Konserten i Skjold kyrkje vert også ein ein releasekonsert som markerer sleppet av det nye albumet Ei felles bøn om fred, eit musikalsk møte mellom to heilt ulike, men like sterke koropplevingar. På albumet syng vi saman med det gassiske militærkoret Chorale Militaire LOVA.
SKRUKs faste dirigent gjennom meir enn 50 år, Per Oddvar Hildre, har på albumet teke rolla som supervisor og overlate taktstokken til Anders Rønningen, som sjølv er medlem i koret og har komponert og arrangert stoffet for SKRUK. Anders er førsteamanuensis i musikkpedagogikk, komponist og musikar. Han har arbeidd i åtte år på Madagaskar for Det Norske Misjonsselskap, og har skapt dette prosjektet med utgangspunkt i SKRUKs unike kortekniske moglegheiter, Chorale Militaire Lovas repertoar, og dei to koras uttrykkskraft og særpreg.
Jan Terje Christoffersen har bidrege med omsetjingar og nokre nye tekstar.
Konserten vil inneholde musikk frå plata, men òg andre songar får vårt reportoar gjennom meir enn 50 år. Per Oddvar Hildre vil dele dirigentrolla med Anders Rønningen.
