-
SKRUK og et militærkor fra Madagaskar møtes på nytt album
Nord møter Sør. Velklang, fylde og harmonisk raffinement møter et rytmisk driv av sprudlende humør, dans og trampende militærstøvler. SKRUK møter LOVA.
Her er albumet: https://orcd.co/3ropyqj
I over 150 år har norske misjonærer drevet misjon på Madagaskar, verdens fjerde største øy som ligger i den sørlige delen av Øst-Afrika. Misjonsarbeidet har utvilsomt hatt innflytelse på gassisk korsang, men uttrykket de gassiske korene står for i dag er likevel noe helt annet enn du vil finne i noe norsk kor. I «Ei felles bøn om fred», et nytt album fra Kirkelig Kulturverksted møtes de to tradisjonene.
(meir…) -
SKRUK til Vårsøghelga i mai
Helga 23. – 25. mai blir det konsertar i Møre og Romsdal, nærare bestemt Molde domkirke fredag 23 kl 21.00 og Nesset kirke laurdag 24 kl 15.00. Vi har med oss eit knippe songar som speglar dei 52 åra koret har eksistert.
Billettar til desse to konsertane ligg på ebillett.no/skruk
Søndag 25. skal vi vere ein del av programmet på Vårsøghelga og skal ha ein konsert saman med Henning Sommerro og John Pål Inderberg i tillegg til Trio Mediæval og Arve Henriksen. Den konserten blir i Stangvik kyrkje kl 1300 og har fått tittelen «Stemmeprakt». Billettar til konserten finn ein her
Dirigent er som alltid Per Oddvar «Prots» Hildre.
-
SKRUK på turné til Madagaskar påska 2024
Etter mange års planlegging, og etter ei lang utsetjing (pga pandemien) vart endeleg turen til Madagaskar ein realitet 21. mars til 4. april i 2024
I tre bussar på veg frå Antananarivo. Foto: Hazina Randriamahozo Det aller første møte med våre vener frå Madagaskar; nærare bestemt militærkoret LOVA og Anders Rønningen – var sommaren 2014 i Oslo. I 2019 møttest vi igjen, og hadde då konsert saman under Olavsfest i Trondheim. Ideen om å besøke Madagaskar vart enno meir verkeleg etter det, og då Anders også fekk plass i 1. bass-rekka i koret fekk planane fart på seg. Etter svært mykje arbeid, ikkje minst av Anders, styreleiar Ingeborg, den lokale norsktalande agenten; Hasina og eit godt samarbeid med NMS på plass, gjekk altså ferda til verdas fjerde største øy, den afrikanske øyrepublikken i Det indiske hav: Madagaskar!
(meir…)
..kort om skruk?
..kort om bok!
..??