• Julekonsertar i Trøndelag

    Tittelen på årets julekonsert er som alltid «medan vi ventar» og repertoaret er henta frå SKRUK sine eigne plater med særleg vekt på juleplatene. Vi skal sørge for å få deg i julestemning denne andre adventshelga.

    5. desember: Stjørdal kirke kl 21:00
    6. desember: Orkdal kirke kl 13:00
    6. desember: Lademoen kirke, Trondheim kl 18:00
    7. desember: Strinda kirke, kl 13:00
    7. desember: Malvik kirke, kl 16:00

    Billettar til alle konsertar finn du på ebillett.no/skruk

  • Konsertar med SKRUK & Tord Gustavsen i oktober

    24. – 26. oktober blir det konsertar i Fjell kirke (Drammen), Ris kirke (Oslo), Jar kirke (Bærum) og i Eidsvoll kirke. Konserten i Fjell kirke på fredag blir ein tradisjonell acapella-konsert med koret åleine som gir eit tverrsnitt av koret sitt repertoar gjennom 52 år.

    Konsertane laurdag og søndag blir saman med Tord Gustavsen som SKRUK har hatt eit nært samarbeid i mange år. Det har resultert i fleire album som m.a. Sommerlandet, Dype Stille Sterke Milde, I vinens speil m.fl. Desse konsertane vil innehalde musikk frå fleire av desse samarbeidsprosjekta.

    Klikk på den konserten du ønskjer å kjøpe billettar til:
    Fredag 24. oktober kl 21.00: Fjell kirke
    Laurdag 25. oktober kl 19.00: Ris kirke
    Søndag 26. oktober kl 13.00: Jar kirke
    Søndag 26. oktober kl 17.00: Eidsvoll kirke

  • Sommarsamling med seks konsertar i Bergensområdet

    Vakre Framnes i Hardanger. Foto frå www.framnes.vgs.no

    Årets sommarsamling går til vakre Hardanger og Framnes KVGS i perioden 28. juli – 3. august. Vi har sett av tre heile dagar til øving og sosialt samvær i tillegg til seks konsertar i nedslagsfeltet rundt Bergen.

    Her er lista med konsertstadar. Billettar til alle konsertane kan kjøpast på ebillett.no/skruk

    28. juli kl 20.00: Norheimsund kyrkje
    1. august kl 17.00: Foldnes kyrkje
    1. august kl 21.00: Knarvik kyrkje
    2. august kl 17.00: Os kyrkje
    2. august kl 21.00: Eidsvåg kirke
    3. august kl 13.00: Skjold kirke

    (meir…)